På LLAs landsmøte i Ålesund markerte lokalavisene sin solidaritet med Ukraina (bildet). Samstundes lanserte Medietilsynet ein kampanjefilm om verdien av mediemangfald og ytringsfridom i Noreg.
– Vi lanserte denne filmen som ein hyllest til det norske mediemangfaldet. Verdien av å ha uavhengige, kritiske journalistar og ulike innfallsvinklar til ei sak blir ekstra tydeleg når vi ser kor gale det kan gå i eit land utan presse- og ytringsfridom. Målet med kampanjen er å rette merksemda til folk mot den viktige jobben uavhengige journalistar og redaktørar gjer for demokratiet vårt, seier Velsand.
Sjå filmen her, del den gjerne på eigne nettsider og sosiale medier.
Du kan lese meir om kampanjen på Medietilsynest nettsider, også der kan du sjå og laste ned filmen.
Alle som ønskjer, kan altså dele filmsnutten på eigne nettsider eller sosiale medier. Legg gjerne til ein passande og personleg kommentar, gjerne med oppfordring om å bruke ytringsfridomen og mediemangfaldet. Har du tid og lyst kan du også legge inn avisas eigen logo.
PS! På LLAs landsmøte fortalte vi også om Norsk Journalistlag sin innsamlingsaksjon, der innsamla pengar vil gå uavkorta til tiltak for ukrainske og/eller russiske uavhengige journalistar. Vippsnummeret for denne aksjonen er 530685, og du kan lese meir om aksjonen på NJs nettsider.
Foto frå lokalavisenes markering i Ålesund: Torill Henriksen, Medier24.no