RuneTomasØysteinHildeTrineSGKulturministermøte

Siste politiske møte før sommaren, no er det litt ferie i landslaget!

LLAs arbeidsutval og generalsekretær møtte denne veka Trine Skei Grande for å minne kulturministeren om at lokalavisene treng gode rammevilkår. Samtalane avrunda ein hektisk politisk vår for LLA, no er vi på veg inn i feriemodus.

Det var LLAs styreleiar Tomas Bruvik og nestleiarane Hilde Dypaune og Øystein Øygarden som saman med LLAs generalsekretær Rune Hetland møtte kulturministeren denne veka. Då fekk Trine Skei Grande ei oppdatering om utfordringane til lokalavisene. Til liks med samferdsleministeren nyleg, fekk også kulturministeren høyra om kor viktig det er med gode posttenester også i framtida.

Vårt pressepolitiske arbeid held fram for fullt i august. Når juli er over, ventar også mellom anna ein ny og spennande kurssesong. Avisa di kan få eige fotokurs med vår frilansfotograf Ingerid Jordal og du kan til hausten både vere med på mediebyråtur til Sunnhordlandsregionen i september, og Liten & digital-konferansen i Bergen frå torsdag 24. oktober. Vi tjuvstartar med ei lita markedssamling samme dag.

Før alt dette, loggar LLA-sekretariatet delvis av i juli. Rett nok sjekkar vi ein sjeldan gong epost-kassa vår, men dersom du har viktige hastesaker som ikkje kan vente til august, bør du sende ein sms til den du må ha tak i:

Lene Østberg, organisasjonssekretær, lene()lla.no, mobil 452 89 222

Geir K. Hus, markeds- og informasjonssjef, geir()lla.no, mobil 452 89 333

Rune Hetland, generalsekretær, rune()lla.no, mobil 452 89 444

Elin Madsen og Thomas Frigård er vikar for Laila Borge ut året – èin dag i veka. Elin driftar LLAs idébank, Thomas driv LLAs graveprosjekt framover. Du får tak i Elin via elin()lla.no og Thomas på thomas()raumnes.no.

Vi takkar alle avisvener for godt samarbeid så langt i år. Ha ein god sommar!