Revidert statsbudsjett: LLA må arbeide vidare for å gjere tiltakspakken betre for lokalavisene

Regjeringa la i dag fram revidert statsbudsjett, der den gjentar innhaldet i mediepakken som kulturministeren Abid Raja fortalte om sist veke. Blant anna skal lokale og regionale medier kunne søke om økonomisk kompensasjon dersom dei har hatt minst 15 prosent omsetningsfall mellom 1. mars og 15. juni.

– Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) meiner framleis at ein annonsekompensasjon vil treffe mediebransjen betre enn den omsetningskompensasjonen som regjeringa har lagt på bordet no. Når tiltakspakken kjem ut på høyring i desse dagar, skal vi derfor arbeide for å gjere kompensasjonsordninga betre for lokalavisene, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet).

Bruvik og LLA er også opptatt av at så mange lokalaviser som mogeleg får ta del i mediepakken, også dei litt større lokalavisene som i dag ikkje får ordinært produksjonstilskot.

LLAs siste medlemsundersøking stadfestar at det er eit stort behov for ein betre tiltakspakke for avisene:

Over halvparten av avisene som har deltatt i LLAs undersøking den siste veka, har alt permittert medarbeidarar.

Halvparten avisene har mista minst 50 % av annonseinntektene i april og mange aviser trur at mai blir nesten like vanskeleg. Blant anna skuldast sviktande annonseinntekter at arrangement, utstillingar og andre kulturaktivitetar i lokalsamfunna er innstilte. I tillegg har lokale butikkar mindre aktivitet og marknadsføring enn vanleg:

– Alt i alt er det vanskeleg å drive lokalavis no, seier Tomas Bruvik. Behovet for journalistikk er stort, men finansieringa er liten. Vi er glade for at lesarane og abonnentane våre betaler for journalistikken, men lokalavisene er også avhengig av annonseinntekter frå lokale annonsørar. Medan vi ventar på at varehandelen og kulturarrangement opnar opp att for fullt, er det viktig at kommunane kjenner si besøkelsestid. Kommunane bør bruke lokalavisene for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon, seier LLAs generalsekretær.

Mediebyråforeningen la også fram dystre annonsetal i dag. Reklameomsetninga via mediebyråa blei redusert med nesten 18 prosent i årets første fire månader. Dagspressen mister nesten 30 prosent.

For meir informasjon og kommentarar:
Tomas Bruvik, LLAs generalsekretær, tomas@lla.no, mobil 411 08 523.

Meir om revidert statsbudsjett og mediepakken finn du også på Medier24.no, Journalisten.no og Kampanje.com. Her kan du også lese om fagpressen og andre som omsider får null-moms på dybdejournalistikk.

På regjeringa.no finn du alt om revidert statsbudsjett, blant anna meir om kompensasjonsordninga for mediene.