– Lokalavisene betyr mye lokalt for tilgang til informasjon og er viktige for ytringsfrihet. Så lenge papiravisen fremdeles er en viktig inntektskilde for de redaktørstyrte lokalavisene, bør staten fortsatt sikre avisdistribusjon i områder uten kommersielle avisbudnett, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård i fredagens pressemelding frå regjeringa.
Den støttar Postutvalets konklusjon om avisdistribusjon, og vil sikre levering av aviser minst tre dager i veka – og vil at val av utleveringsdager særleg må vere tilpassa lokalavisene.
LLAs styreleiar Øystein Øygarden, nestleiar Lillian Holden og generalsekretær Tomas Bruvik er glade for å bli høyrde og tatt hensyn til i føringane for det nye anbudet for avisdistribusjon frå neste sommar av.
Seinast i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i går, understreka LLA at god distribusjonen av lokalavisenes papirutgåver er nødvendig for å koma i mål med å gjera lesarane heildigitale.
– Framleis vil mange ha papiravisa. Og det er ikkje fordi me er sinker digitalt. Om lag 45 prosent av abonnentane våre er heildigitale, men det er papirutgåvene som finansierer digitaliseringa. Av annonseinntektene våre kjem det aller, aller meste frå papiravisa, sa LLAs styreleiar Øystein Øygarden, som også er redaktør i Vest-Telemark Blad.
Les her heile regjeringa si pressemelding om post og avisdistribusjon.
LLAs styreleiar Øystein Øygarden og nestleiar Lillian Holden i Stortinget i går. I dag gler dei seg over at regjeringa vil ta omsyn til lokalavisene når ny postlov skal på plass.


