– Vi gler oss over at vi har ei pressestøtte som gjer at vi har eit unikt mediemangfold i Norge. I ei tid med meir polarisering, er produksjonsstøtta viktigare enn nokon gong. Med denne kan også lokalavisene lage god journalistikk for innbyggjarane i heile landet, seier LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland.
– Det er også hyggeleg å sjå at nokre nye aviser får produksjonsstøtte, mellom anna Karmøynytt og Stord24 i LLA-familien, seier Hetland.
Les meir, blant anna heile fordelinga, på Medietilsynets nettsider.