Produksjonsstøtte utbetales alt no

Medietilsynet har i dag bestemt at dei betaler ut deler av produksjonsstøtta i denne veka. Dermed slepp avisene å vente til april.

Forskot på den årlege produksjonsstøtta til aviser betales ut i porsjonar fleire gonger i året, før det kjem ei endeleg avrekning på slutten av året. I lys av likviditetsutfordringane som mange lokalaviser opplever under korona-viruset, har altså Medietilsynet framskunda arbeidet. Produksjonsstøtta som skulle ha vore betalt ut i april, kjem om nokre dagar. Samtidig skal tilsynet også vurdere om juli-utbetalinga vil bli framskunda.

– Vi ser at særlig de minste mediene, som fra før har små ressurser og en krevende driftsøkonomi, raskt kan få problemer. Vi gjør derfor en del grep med våre støtteordninger som vi håper kan være til hjelp i en krevende situasjon, seier Medietilsynets direktør Mari Velsand til eigne nettsider i dag.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er glad for å bli høyrt etter berre kort tid:

– Vi set pris på at Kulturdepartementet og Medietilsynet handlar så raskt etter at vi tok kontakt om å betale ut produksjonstilskotet tidlegare enn vanleg. Vi set også pris på signala om at neste utbetaling skal kome raskt. Det trengst, for med drastisk fall i annonseinntektene treng lokalavisene pengar for å kunne lage godt innhald på nett og papir. For innbyggjarane og lokalsamfunna er det viktigare enn nokon gong med oppegåande lokalaviser, seier pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA (bildet).

Les heile saka på Medietilsynet.no