postkasse

Posten-uttale gir uro om laurdagsomdeling av aviser

LLA er uroa over Posten sine utsegn i høyringa om postloven. Det må framleis vera mulig å distribuera aviser til heile landet om laurdagane.

RuneHetlandLLAweb

– Konsernsjef Dag Mejdell i Posten sine utsegn i høyringa om postloven i Stortinget, var uventa og i strid med slik vi oppfattar informasjonen i Stortingsmeldinga. Mejdell sa at Posten ikkje såg føre seg laurdagsdistribusjon av aviser på tvers av landsdelar, berre rein lokal omdeling. Dette gjer oss urolege for om det er muleg å få til ei tilfredsstillande løysing med distribusjon til alle avisabonnentar, seier generalsekretær Rune Hetland i Landsslaget for lokalaviser (LLA).

Hetland fortel at avisorganisasjonane LLA og MBL straks oppretta kontakt med saksordførar for postloven, Helge Orten, H, og har fått avtale om møte komande onsdag.

– Vi har hatt konstruktive samtalar med både regjeringspartia og andre parti i denne saka, og vi vil helst ikkje tru at dei nye opplysningane betyr at vi ikkje kan få ei akseptabel løysing. Vi vil helst tru at inntrykket vårt stemmer, om at det er både politisk vilje og evne til å finne økonomiske og praktiske løysingar på laurdagsdistribusjon av aviser til abonnentar i heile landet. Det handlar om kva samfunn vi skal ha; avisene er ein del av fundamentet i demokratiet, seier Rune Hetland i LLA.

Saka skal avgjerast tidleg i juni og LLA vil fortsatt arbeide aktivt inn mot alle politiske parti for å få fleirtal for ei løysing som sikrar avisdistribusjon til alle abonnentar også på laurdagar.

Dette er problemstillinga:

Avisorganisasjonane har heile tida tilkjennegjort ei tolking av saksdokumenta om at kostnadsrekninga på 50 mill. til 120 mill. kroner er skilnaden mellom ei lokal løysing og ei løysing med distribusjon til abonnentar i heile landet. Vi har fått forståing av at laurdagsdistribusjon til abonnentar i heile landet, som er ein føresetnad for avisene, er eit reelt alternativ. Vi har til og med tolka eit samla politisk miljø som at dette er løysinga dei vil gå inn for.

Teksten i stortingsproposisjonen underbygger vår oppfatning av saka. Vi tar her med heile avsnittet om dette i Prop.109 L Lov om posttjenester (postloven):

12.3 Lørdagsomdeling av aviser (side 58):

Det er foreslått en forskriftshjemmel som gir myndigheten adgang til å fastsette krav til lørdagsomdeling av aviser til abonnenter i områder der det ikke eksisterer et alternativt avisbudnett. En slik ordning er kostnadsberegnet til mellom 50 og 120 mill. kr. per år. Kostnaden vil blant annet avhenge av hvilket servicenivå staten krever av leveringspliktig tilbyder i avtalen om leveringspliktige tjenester. Det vil bli rimeligere dersom leveringspliktig tilbyder krever at avisutgiverne innleverer avisene ved lokale distribusjonssentre, enn dersom innlevering skjer sentralt og leveringsplikten også dekker transport ut til lokale distribusjonssentre. <utdrag slutt>

LLA har hatt grunn til å tru på at det var både praktisk muleg og politisk vilje til å finna ei løysing som er til å leva med for avisbransjen, når den generelle postomdelinga på laurdagar skal tas bort.

Vi vart difor overrumpla av det som meir eller mindre tilfeldig kom fram i spørsmålsrunden under høyringa i komiteen. Vi tar her med nokre sitat frå det konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge AS sa i den opne høyringa i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget 19. mai. <sitat> ”…slik avisløsningen er lagt opp er det der hvor avisene ikke har sin egen distribusjon, at vi skal distribuere der, det er det som er tanken, og det er vi innstilt på å gjøre. Vi kan ikke operere flyfraktnettverk, slik vi gjør på hverdager, for å sende aviser rundt omkring i Norge. Det vil bli en ekstremt kostbar løsning. Dette er distribusjon ut fra lokal enhet, som vi anbefaler, men det gjenstår å detaljere innholdet i løsningen” <sitat slutt>.

Vi har fått stadfesta i etterkant av høyringa at dette er Posten si vurdering. Det er utdeling av aviser levert inn på ein av dei rundt 400 omdelingseiningane dei har lova.

Dette kan oppfattast som å spenna bein under saksutgreiinga frå Samferdselsdepartementet, men vi får håpe og tru at departementet har lagt til grunn at distribusjon til heile landet er muleg, sjølv om Posten uttalar noko anna.

LLA understrekar igjen at papiraviser inn mot helg er viktigare enn nokon gong for avisøkonomien, og at det framleis er papiravisene som finansierer mesteparten av journalistikken, ikkje minst i lokalavisene.

Posttenestene er slik eit viktig grunnlag for at det skal koma ut aviser i heile landet. Spesielt for lokalaviser og riksaviser er Posten viktig. 
Slik er posttenestene avgjerande for å nå måla om mangfald i media, reell ytringsfridom og lokalt demokrati.

Vi gjentek og at vi meiner avisdistribusjon, seks dagar i veka, må spesifikt med under samfunnsansvaret i Postens konsesjon.

For nærare opplysningar:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no

Sjå også omtale i Klassekampen om saka.

Her på LLAs nettsider kan du lese enda meir om saka og sjå Stortinget sitt tv-opptak frå høyringa tysdag.