laptop with coffee cup and smart phone,newspaper on wood table

Slik kan du finansiere meir journalistikk og innovasjon

Eigne annonse- og abonnementsinntekter er viktigst for lokalavisene. Men hugs også at avisa di kan søke om finansiering til journalistikk og innovasjonsarbeid også frå andre kjelder. Her er nokre muligheter:

Innovasjons- og utviklingstilskot

Før jul delte Kulturdepartementet og Medietilsynet ut for første gong det nye innovasjonstilskotet som «særleg skal fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.» Lokalavisa Frostingen og Saltenposten var blant dei som fekk økonomisk støtte i første runde. Snart opnar Medietilsynet for nye søknader. Du finn meir informasjon og søknadsskjema her.

Medietilsynet forvalter også ei stønadsordning for lokale lyd- og bildemedium. Lokalaviser som satser på levande lyd og bilde, kan søke. Sjekk her alle Medietilsynets sine stønadsordningar.

Fritt Ords «Norsk journalistikk»

Over fire år har Stiftelsen Fritt Ord satt av inntil 25 millionar kroner i året for å blant anna oppmuntre til undersøkande journalistikk rundt om kring i lokalsamfunna. Fritt Ord bruker altså samla inntil 100 millionar kroner frå 2018 til 2021 på bedre journalistikk. Gjennom LLAs grave lokalt-prosjekt har fleire lokalaviser fått drahjelp til å lage gode søknader og dermed kome seg gjennom nålauga. Knut Olav Åmås og Tonje Olsrud i Fritt Ord (bildet) likar det dei ser. Til LLA uttalte dei før jul at lokalavisene er viktige for lokalsamfunna, innbyggjarane og lokaldemokratiet, og at dei gjerne såg flere søknader frå lokalavisene. Blant LLA-avisene som nyleg fekk støtte til gravejournalistikk, var Ságat, Finnmarksposten, Bladet Tysnes og Vest-Telemark Blad. Neste søknadsfrist er 15. mars.

Les meir i denne LLA-artikkelen om mulighetene hos Fritt Ord, og ta gjerne direkte kontakt med LLAs prosjektmedarbeidar Thomas Frigård. Du finn også meir på Fritt Ords nettsider.

Senter for undersøkende journalistikk

Universitetet i Bergen har oppretta Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og hos dei kan du no få fagleg og økonomisk støtte til dine prosjekt. Blant anna kan du i ein periode få arbeidsplass på Media City Bergen og dermed også få råd og hjelp til journalistprosjekta medan du arbeider med dei. Les meir på Senter for undersøkende journalistikk sine eigne stipend-sider.

Notèr også at SUJO kjem til LLAs landsmøte i Drammen om laurdagen.

Vinjefondet

Vinje-fondet er ein annan mulighet for bedre og meir journalistikk: Fondet skal styrkje nynorsk journalistikk og publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. I år skal fondet dele ut èin million kroner og søknadsfristen er 15. april. Les meir på Vinjesenteret sine nettsider.

Reise- og pressestipend

Det er også ei rekkje andre pressestipend, blant anna reisestipend og støtte til faglitteratur. Sjekk Institutt for journalistikk sine nettsider for meir informasjon og legg merke til at 1. april er fristen for fleire av desse stipenda.

Illustrasjonsbildene: Colourbox.no