foto: Fredrik Arff
foto: Fredrik Arff

På rundreise med debatt om presseetikk

Riksteatret er i desse dagar på turné med Joe Penhalls teaterstykke «Komplottet». Etter framsyninga samlast skodespelarar, publikum og lokalpressa til diskusjon om lokale tilhøve.

I «Komplottet» brukar to journalistar falsk identitet for å lure ein TV-kjendis, og deretter pressar dei han til å snakke ut.

foto: Fredrik Arff

foto: Fredrik Arff

Siden urpremieren på Royal Court Theatre i London i 2004 er «Komplottet» spilt på scener over hele Europa. I Noreg er det Kåre Conradi, Ulrikke Døvingen og Tov Sletta som står på scena.

Stykket tar opp viktige spørsmål om presseetikk. Kvar går dei etiske grensene, kva er i ålmentas interesse, kva metodar kan vi bruke for å få fram sanninga?

Etter framsyninga inviterer Riksteatret, Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening til «Baksnakk» om presseetikk, leia av ein lokal redaktør eller journalist. Då Riksteatret var i Kolvereid for to veker sidan, var det redaksjonsleiar Morten Wengstad i Ytringen som leia samtalen.

– Det var berre ti-tolv som vart igjen til samtalen, så det vart ein uformell og grei samtale. Det er interessant å høyre kva folk meiner om presseetikken her i landet, seier han.

Han ser ingen direkte parallellar mellom handlinga i «Komplottet» og sin eigen arbeidskvardag.

– Norsk presse er ikkje like tabloid som den britiske. Det breie lag i den norske pressa er nok ganske snille. Men det er nokon som meiner at det er harde forhold også her til lands, seier han.

I kveld, 16. februar, kjem stykket til Ål. Der skal redaktør Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen leie baksnakket. Han har ikkje sett stykket, men trur at problemstillingane som vert reiste i stykket er ganske framande.

– Ei lokalavis må vere skikkeleg. Du kan vere tøff og kritisk, men om du ikkje er skikkeleg er du ferdig. Det hender det stormar rundt oss også, og vi får ein og annan PFU-klage. Det er slik det skal vere. Men vi er nøydde til å opptre ryddig og halde oss til Vær Varsom-plakaten, seier han.

Fleire av LLA-avisene sine redaktørar leiar debatten på turneen til Riksteatret: Øystein Øygarden i Vest-Telemark blad og Hilde Eika Nesje i Bø blad var nyleg på scenen, medan Gunnar Kvassheim i Dalane Tidende skal på i morgon 4. mars og Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad 7. mars.