Opplagsgrensene blir utsett

Regjeringa vil inntil vidare ikkje ta bort produksjonsstøtta til lokalavisene med opplag 4000 til 6000. Saka vil bli tatt opp seinare i eiga Stortingsmelding.

Kulturdepartementet har i dag fredag endt ut pressemelding om at opplagsgrensa for produksjonstilskotet blir oppretthalde på 6000 for år 2014, men at både dette og eit tak på 40 millionar kroner skal vurderast i ei Stortingsmelding med eventuell verknad frå 2015.

– Vi set pris på at Kulturdepartementet har lytta til oss og ikkje vil kutta produksjonsstøtta til 4000 til 6000-avisene, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

– Vi har lagt ned eit stort arbeid for å informere både departementet, Stortinget og enkeltparti om at forslaget om kutt ville få svært uheldige konsekvensar. Det er godt å sjå at vi har nådd fram – så langt, seier Hetland som gjerne hadde sett at saka var lagt heilt død.

I pressemeldinga seier Kulturdepartementet at spørsmålet om å flytte opplagsgrensa frå 6000 til 4000 skal tas opp i ei Stortingsmelding, saman med spørsmålet om eit tak på maksimalt 40 millionar kroner i årleg produksjonsstøtte. Eventuelle endringar kan då tidlegast gjelde frå 2015.

– Det er først og fremst positivt at fornyinga av produksjonstilskotet nå vil bli oversendt Stortinget.

Sjå omtalen på departementet sine eigne sider.
 

For eventuelle spørsmål eller kommentarar:

Generalsekretær Rune Hetland i LLA:

rune()lla.no eller mobil 452 89 444