konkurransebilde

Omtrent same pressestøtte i år som i fjor

Prognosene for årets produksjonstilskot til avisene er klare: Også i år går om lag 2/3 av tilskotet til dei ti største avisene i ordninga.

Det er Medietilsynet som i desse dagar legg fram prognose for korleis årets produksjonstilskot truleg blir fordelt. Den endelege fordelinga er klar i oktober, men Medietilsynet og direktør Mari Velsand legg altså på bordet alt no foreløpige tal for at avisene skal få litt meir forutsigbarhet.

Prognosane viser at 313 millionar kroner skal fordelast på rundt 160 aviser. Over 200 millionar går til dei ti største avisene i ordninga, mellom anna Klassekampen, Vårt Land, Dagsavisen, Bergensavisen og Nationen. Dei rundt 150 lokalavisene som får produksjonsstøtte, deler resten av potten på om lag 100 millionar kroner. Det betyr at dei fleste lokalavisene med mindre enn 6000 i opplag, sannsynlegvis får om lag det same produksjonstilskotet i år som i fjor.

Du finn prognosene for alle avisene på Medietilsynets nettsider.