Rune og Mediebåten 2018

Også LLA er i Arendal denne uka!

Årets treffpunkt for politikarar, organisasjonar, medier og mange andre er i gang i Arendal. På «Mediebåten» blir det mellom anna debatt om mediepolitikken.

Frå Landslaget for lokalaviser stiller generalsekretær Rune Hetland opp i Arendal tysdag, onsdag og torsdag. LLA er blant arrangørane når kulturministeren kjem om bord i «Mediebåten» onsdag klokka 14.30 for å diskutere mediepolitikken. Då får Trine Skei Grande spørsmål om mediepolitikken er på vent – i lys av at det no er halvtanna år sidan Mediemangfoldsutvalet la fram forslaga sine – og framleis har ikkje Kulturdepartementet lagt fram ei stortingsmelding om framtidas mediepolitikk.

I løpet av Arendalsuka blir det også mange andre debattar om bord i «Mediebåten». Dei fleste debattane overføres på Norsk Redaktørforening og på journalisten.no.

Avisorganisasjonane sitt program i Arendal kan du laste ned her:

Timeplan for Mediebåten

For kommentarar: Rune Hetland, LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no