Då blei totalt 30 millionar kroner øyremerka lokalavisene, blant anna for å styrke journalistikken og gjennomføre digitale omstillingar. I regjeringas forslag til statsbudsjett for 2021 er produksjonstilskotet inflasjonsjustert. Det er Landslaget for lokalaviser (LLA) godt nøgd med.
Alt i alt føreslår regjeringa at det samla produksjonstilskotet til alle avisene i Norge er inflasjonsjustert, til totalt rundt 370 millionar kroner.
Innovasjonsstøtta på nesten 21 millionar kroner, særleg øyremerka lokalavisene, blir også ført vidare. Dette set LLA stor pris på, og det er svært viktig for lokalavisene.
– Vi set pris på at lokalavisene framleis blir framheva i statsbudsjettet, og at satsinga på lokalavisene blir ført vidare. Det trengst verkeleg etter det siste tøffe halvåret lokalavisene har vore gjennom, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet). Han understrekar kor viktige lokalavisene har vore for lokalsamfunna landet rundt etter at koronaepidemien slo inn over Norge.
– Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet. Den siste tida har vist kor viktig det er for innbyggjarane og kommunane å ha lokalavisene, men dei aller fleste avisene har mista store annonseinntekter i år. Etter særs krevjande månader ber vi no politikarane om å finne ein ekstra krisepakke til lokalavisene, slik at dei kjem seg gjennom pandemien med livskraft, seier Bruvik.
For kommentarar og meir informasjon:
Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, mobil 411 08 523, tomas@lla.no
«Kulturpolitikk er ytringsfrihetspolitikk. Ytringsfrihet er både grunnlaget og målet for mediepolitikken»
På regjeringas nettsider kan du lese, og laste ned, alt om kulturbudsjettet. Her er nokre sitat og utdrag frå kulturminister Abid Raja og Kulturdepartementets forslag til budsjett:
«Produksjonstilskuddet er omfordelt i favør av små, lokale medier fordi regjeringen ønsker å legge til rette for lokale medier i hele landet og bevare et finmasket nett av lokale nyhetsmedier.»
«Krisen illustrerer også at det fortsatt er viktig å stimulere til innovasjon, utvikling og nyskaping i mediebransjen. Videre er det et sentralt mål for regjeringen å opprettholde mediemangfoldet og å legge til rette for lokale medier i hele landet, slik at innbyggerne i Norge får tilgang til samfunnsviktig og undersøkende journalistikk.»