Nytt kurs på nett: Spennande saker med få ressursar

Torsdag: Kva kan du då gjere med få midlar og små ressursar for å gjere sakene meir spennande for lesaren?

I små redaksjonar er det gjerne lite ressursar til digital utvikling. Torsdag 11. juni klokka 11 avrunder Carina Wangensten i Bømlo-nytt LLA, Sujo og NRKs kursserie på nett før sommaren: Då gir Carina gode råd og viser konkrete eksempel på korleis du med lydklipp, gif, levande bilder og andre verkemiddel kan gjere nettsaka til noko heilt anna enn ein kopi av papirversjonen.