nynorsk

Nynorsk avissenter i full sving

Den siste veka har fire, unge kvinner markert seg i spaltene i avisa Firda. Dei fire er første kull i Nynorsk avissenter som brukar redaksjonen som klasserom for moderne journalistikk.

nynorsk

Marit Brennset frå Leikanger, Kristine M. Stensland frå Bryne, Ina Eirin Eliassen frå Ål og Thea Idsøe frå Stord er første praktikantkull frå Nynorsk avissenter i Firda. (Foto: Bent Are Iversen) 

Nynorsk er arbeidsspråket til over 50 lokalaviser. Avisene er den største produsenten av nynorsk tekst og avgjerande for å ta vare på nynorsk som eit levande bruksspråk. Derfor har Firda, som den største nynorskavisa, oppretta Nynorsk avissenter for å få fram nye, dyktige journalistar som kan styrke rekrutteringa og utviklinga av desse avisene.

Starten ser lovande ut. Etter tre veker i Førde, har dei fire praktikantane i nynorsksenteret publisert over 20 artiklar og reportasjar i både nett- og papiravisa. Dei har fått ei rekke forelesingar i journalistiske arbeidsmåtar og utnytta valkampen til innsikt i samspelet mellom politikarane og media.

Nynorsk avissenter samarbeider med eit tilsvarande opplæringsprogram for nynorskbrukarar i NRK. Mellom anna har dei mange av førelesingane felles, til dømes produksjon av enkle videoar med bruk av smarttelefon. I alt skal praktikantane i Nynorsk avissenter ha 24 førelesingar i haust med tema frå etikk, til kjeldesøk, godt avisspråk, gravande journalistikk og frontredigering av nettsida.

Redaksjonen som klasserom

Den viktigaste delen av opplæringa skjer i praktisk arbeid i redaksjonen der praktikantane har kvar sin røynd journalist som mentor. Kvar dag produserer dei nyhendeartiklar i ulike format for publisering på nett og papir. Dei har også etablert si eiga bloggspalte i laurdagsavisa.

Etter fire månadar med opplæring og realistisk trening i Firda, avsluttar dei det halvårlege programmet  med rein praksis i ei sjølvvald lokalavis. Thea Idsøe(22) frå Stord får praksis i avisa Sunnhordland i heimbygda, Ina Eirin Eliassen (29) skal ha praksis i heimbygda Ål i avisa Hallingdølen, Kristine M. Stensland (26) dreg heim til Bryne og Jærbladet, mens Marit Brennset(25) frå Leikanger satsar vidare i Firda.   

Eit handslag frå Førde

-21 søkarar til dei fire stillingane var det første teiknet på at tilbodet i Firda fenger dagens unge. At dei fire som fekk tilbodet, har gått på med liv og lyst og løyser dei journalistiske kodane raskt, er eit teikn på at det praktiske opplegget fungerer, seier dagleg leiar Arve Sandal i Nynorsk avissenter. Sandal håpar at prosjektet i Førde blir eit handslag Norge rundt til aviser som publiserer på nynorsk.

-Ei gransking vi har gjennomført viser at 80 prosent av redaktørane trur det journalistiske innhaldet blir avgjerande for framtida til avisene. Det tyder på at slaget for avisbransjen først og fremst står om å få tak i dei beste folka med høg digital kompetanse. Der vil Nynorsk avissenter gjere ein innsats, seier Arve Sandal, som òg la fram meir frå granskinga på LLA sitt landsmøte i Lofoten.