Papiravis2

Nye postutfordringar for avisene

Posten kjem med nye endringar frå nyttår. Lokalavisene bør snarast ta kontakt med trykkeri og distribusjonsselskap for å finne best mulege løysingar for avisleveringa.

Nye utfordringar for distribusjon av papiravisa.

Posten informerer i desse dagar avisene om endringar i levering og pris frå 1. januar 2018.

Aviser til fjernabonnentar blir ei utfordring når Posten slår saman A- og B-post. Aviser i riksdistribusjon får to dagars leveringstid. Ved eit samarbeid mellom avisene, trykkeri, distribusjonsselskap og Posten ser det ut til at mykje kan løyse seg, men ikkje alt.

LLA rår alle aviser til å snarast ta kontakt med sitt trykkeri og distribusjonsselskap for å finne løysingar. Dei kan best samordne arbeidet slik at alle aviser får ei best muleg løysing.

For nokre kan det bli ei vurdering av om ein skal justere trykketid.

Nye krav til merking
Nye krav til sortering, merking og pakking av avisene gjer at det og vil vere nødvendig å snakke med både trykkeri og leverandør av abonnementsprogram.

LLA og MBL har hatt dialog med Posten for å få best muleg løysing og pris etter endringane.

Sjølv om Posten har varsla færre terminalar vil dei oppretthalde talet på innleveringsstader.

Vi har fått delvis gjennomslag for å redusere minstetalet. Det går ned frå 500 til 200 eksemplar per innlevering.

Prisar frå 2018
Prisane vil slå litt ulikt ut for avisene, men lokal porto vil auke ca. fire prosent, riksporto vil vere lik som i dag og regional porto gå ned om lag seks prosent frå årsskiftet.

Nye vilkår og prisar finn du på bring.no/aviser.

Posten i framtida
Som dei fleste veit går volumet på post ned. Posten er i konstant nedbemanning og  ønskjer heile tida å spare meir. Dei ønskjer at kravet om levering fem dagar i veka skal bli fjerna.

LLA var i fjor haust særs aktive for å hindre dette, og få fleirtal for at Stortinget må avgjere frekevens. Vi veit at presset vil kome på nytt dei komande åra når postvolumet går ytterlegare ned. Postomdeling annankvar dag vil vere særs skadeleg for mange aviser, og LLA vil kjempe for å hindre ei slik utvikling ved mellom anna å peike på at staten kan starte med å redusere kravet til overskot i Posten.

Ta kontakt om vi kan vere til hjelp: Rune Hetland

Posten informerer

LLA har fått tilsendt følgjande informasjon frå leiinga i Posten med grunngjeving for endringane frå 1. januar:

Digitaliseringen av samfunnet gjør at vi kommuniserer annerledes enn før. Adresserte sendinger har falt med 60 prosent siden 1999, og det er stort behov for å kontinuerlig endre oss innenfor det markedet vi opererer i. Du bruker gjerne andre løsninger enn brev når det haster, og det må vi tilpasse oss til.

 Dagens overnatt krav (A-post) dimensjonerer hele det fysiske nettverket i Posten og gjør at vi må opprettholde kostbare løsninger med mange terminaler og flyfrakt i store deler av landet.

Innføring av én adressert strøm fra 01.01.2018 vil bidra til bedret lønnsomhet i brevsegmentet på kort og lang sikt – og vi oppnår betydelige stordriftsfordeler ved å;    

  • Redusere antallet postterminaler fra ni til tre  
  • Redusert bemanningsbehov med ca 330 årsverk
  • Redusert bruk av fly – som også bidrar til en vesentlig reduksjon i Postens CO2-utslipp

 Posten anslår at når omleggingen er fullt gjennomført, vil en omlegging fra to til én brevstrøm gi en årlig lønnsomhetsforbedring på ca. 210 mill. kroner.

Dersom avisene leveres direkte på regionale og lokale punkter vil vi fortsatt kunne distribuere dagsferske aviser. Avisene kan også samarbeide om å finne løsninger for å kunne transportere til Postens regionale- og lokale punkter for å få dagsfersk distribusjon.