Forskrift for produksjonstilskott vil bli revidert frå og med 2023. Det har vore arbeidd med forskriftene gjennom heile 2022, og LLA har arbeidd aktivt og gitt høyringsuttale.
Dette er først og fremst ei større modernisering av forskriftene slik at dei betre tar høgde for den digitale utviklinga. Arbeidet med forskriftene er nå i sluttfasen der Kulturdepartementet tar avgjerd med godkjenning frå ESA.