– I år får fleire aviser midlar til å utvikle lokal debatt. Det er bra at redaktørstyrte medium gjer tiltak for å «ta tilbake debatten», seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
Landslaget for lokalaviser (LLA), i samarbeid med fleire lokalaviser, skal ta fatt på to prosjekt for nettopp å styrke lokalavisene og den offentlege samtalen:
– Skal lokalavisenes lukkast med innovasjon og utvikling, må vi ha flinke folk til å jobbe i avisene ute i distrikta. Det skal vi i LLA bidra med det neste året. Vi skal skape noko nytt, delvis i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet over). Bruvik skal dessutan framleis jobbe tett med mange lokalaviser for å hjelpe dei vidare med utviklings- og innovasjonsarbeidet.
LLA har også fått innovasjonsmidlar for å bygge digital kompetanse og annonsenettverk for å sikre lokal journalistikk. Fjell-Ljom, Suldalsposten og Hallingdølen står som medsøkjarar.
Espen Forsberg i Hallingdølen (bildet under) skal leia sistnemde prosjekt. Han skal jobbe for LLA og lokalavisene om lag éi veke i månaden ut året.
På Medietilsynets nettsider kan du sjå heile fordelinga av årets innovasjonsstøtte.