• Tomas Rune går
    Bilde 1 av 7
  • Tomas Rune 3
    Bilde 2 av 7
  • Tomas Rune 2
    Bilde 3 av 7
  • Tomas Rune 4
    Bilde 4 av 7
  • Tomas Rune 5
    Bilde 5 av 7
  • Tomas Rune 6
    Bilde 6 av 7
  • Tomas Rune 1
    Bilde 7 av 7

Leiarskifte i LLA: Ny general-sekretær med ny energi

Landslaget for lokalaviser har fått ny generalsekretær: Tomas Bruvik er ny sjef etter Rune Hetland. I dette intervjuet ser avtroppande og påtroppande generalsekretærar bakover og framover.

Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) pleier svært sjeldan å få ny sjef. Det er faktisk 25 år sidan sist. Då byrja Rune Hetland i LLA og etter det har han styrt lokalavisorganisasjonen som no har over 110 medlemsaviser. Onsdag 6. november 2019 er dermed ei ny merkedag i LLAs historie når Tomas Bruvik i dag byrjar på jobben som generalsekretær.

Både avtroppande og påtroppande er tidlegare lokalavisredaktørar. Rune Hetland kom frå Grannar, Tomas Bruvik frå Kvinnheringen. Begge likar godt å intervjua og prata med andre, ingen av dei er kjempeglade for sjølve å bli intervjua. Vi gjer likevel eit forsøk. Spørsmål 1 går til Hetlandske:

– Kva er det viktigste LLA har oppnådd dei siste 25 åra?

– Vi klarte å få pressestøtte til vekeavisene frå 1990. Sjølv om alle andre bransjeorganisasjonar var imot, klarte LLA å få Stortinget med på at også aviser som kom ut èin gong i veka, skulle få produksjonsstøtte. Dette gav også lokalavisene ein status og sjølvtillit som dei har bygd vidare på. Og etter dette har det blitt starta over 100 nye lokalaviser i Norge!

Seier Rune Hetland. Og legg gjerne til også andre pressepolitiske sigrar og merkesteinar dei siste åra:

  • Ekstra tilskot til lokalaviser med under 4000 i opplag.
  • Portokompensasjon til lokalavisene.
  • Momsfritak på redaksjonelt innhald uavhengig av plattform.
  • I neste års statsbudsjett skal lokalavisene prioriterast.

– Særleg kampen om momsfritaket var ei lang arbeidsøkt som varte i om lag ti år. Fleire i bransjen flørta med lågmoms, men vi i LLA stod fast på prinsippet om fritak. Det var avgjerande at vi hadde eit sterkt styre som stod opp for saka. Hadde vi ikkje stått i denne stormen, hadde det ikkje vore moms-fritak i dag.

– Noko av det eg også har sett stor pris på, var kursstøtta som LLA fekk frå 1996. Med den kunne vi tredobla kursaktivitetane våre, mellom anna er landsmøtene blitt eit fagleg flaggskip. Også idèbanken er blitt flott, i banken deler lokalavisene nyttig kompetanse som løftar kvaliteten på innhaldet i avisene. La oss ikkje gløyme at desto bedre lokalavisene blir, jo meir attraktive er dei for lesarane og annonsørarane. Dermed kan avisene få meir egeninntekter.

– Akkurat dette var også viktig då LLA fekk eigen marknadssjef i 2000. Då flytta vi fokus frå å berre vere opptatt av rammevilkår, men også tenke enda meir på eigeninntektene. Mesteparten av lokalavisenes inntekter er jo faktisk annonseinntekter og abonnementsinntekter, seier avtroppande generalsekretær. Og legg til:

– Alt LLA har oppnådd gjennom mine 25 år er takka vere godt lagarbeid i LLA-sekretariatet, styret og blant medlemsavisene. Eg får energi av å vere i lag med folk som har engasjement og som bryr seg både om verda og nærmiljøet sitt!

– Påtroppande generalsekretær Tomas Bruvik: Korleis står det til med lokalavisene i dag?

–  Det står relativt bra til. Vi har mange verkeleg gode lokalaviser som gjer ein svært god jobb i sine lokalsamfunn. Dei er viktige for innbyggjarane. Samtidig står lokalavisene litt i spagat for tida, lesarane er ikkje like interessert i papiravisa som før og lokalavisene står dermed overfor mange vanskelege val. Vi har også utfordringar med avisdistribusjonen, så det viktig å få papir-abonnentane over på nett. Her har nok mange aviser vore for seige og for treige, seier LLAs nye sjef. Og legg til:

– Nettjournalistikken har dessutan vore litt for lett og klikkprega. Vi må passe oss slik at ikkje mengde er viktigare enn kvalitet. Lokalavisene på nett skal også drive med gravande og kritisk journalistikk og ta vare på samfunnsoppdraget vårt. Lokalavisene må ikkje gløyme kvifor vi er her. Vi må vise at vi er nødvendige i lokalsamfunnet, då vil vi også beholde lesarane og annonsørane.

– Ja! Vi må bety noko for folk sine liv. Vi skal hjelpa innbyggjarane. Det gjer vi med kritisk, men konstruktiv journalistikk. Akkurat som LLA har inspirert til, så bør lokalavisene drive med løysingsorientert journalistikk, supplerer Hetland.

– Kva er dei aller største pressepolitiske utfordringane i dag? Nye-sjefen først:

– Lokalavisene får jo eit godt løft i neste års statsbudsjett, men lokalavisene er ikkje redda med dette. Vi ser på dei ekstra pengane som ein god begynnelse på noko lokalavisene fortener.

– Hetland?

– Eg er enig med Bruvik. Lokalavisene treng enda større og fleire løft. Og lokalavisene må lage så god og viktig journalistikk at politikarane framleis vil ta vare på avisene.

– La oss bli litt meir personlege: Tomas, kva er dine største ambisjonar for og med LLA?

– Eg skal føre vidare det fantastiske arbeidet som er gjort i organisasjonen. Og heldigvis skal Rune vere med vidare, det blir ingen dramatiske endringar. Også eg skal jobbe vidare med å bidra til at lokalavisene våre lager god og relevant journalistikk.

– Kva er den største skilnaden og kva er den største likheten mellom dykk to?

–  Eg er optimist utad, inni meg er eg nok meir pessimistisk. Seier Tomas.

– Tomas er meir optimist enn meg. Eg har ein løyen skepsis, men eg er tross alt optimist. Seier Rune.

– Det er kanskje ikkje så stor forskjell mellom oss? Seier Tomas.

– Vi er begge to sosiale karar som er veldig opptatt av, og glade i, lokalavisene. Seier Tomas og Rune.

– LLA får ein ny sjef som brenn like mykje for lokalavisene som eg gjer. Det oppleves som trygt og godt. Tomas er sosialt veldig flink – og flink til å få folk med seg. Han er meir utolmodig enn meg, det skuldast nok alderen. LLA som organisasjon vil nok no få enda større fart. Tomas har det ungdommelege pågangsmotet! Seier den eldste.

– Rune skal halde fram i LLA. Korleis vil rollefordelinga vere mellom dykk? Og kva tittel skal Rune ha?

– Eg vil jo ha hovudansvaret for organisasjonen, men Rune skal jobbe som pressepolitisk rådgjevar i 80 % stilling. Samtidig fortener han å kunne puste litt meir, og konsentrere seg om færre oppgåver. I tillegg til å ha hovudansvaret for LLA, skal eg ha ansvaret for innovasjonsprosjekta vi arbeider med. Eg gler meg veldig til å arbeide med LLA-sekretariatet, vi har ein solid og dyktig stab!

– Kva er det aller beste med leiarskiftet i LLA denne veka?

– Vi får ny energi og ny digital kompetanse inn i LLA. Seier avtroppande generalsekretær.

– Var det fint sagt, Tomas?

– Det var veldig fint sagt, Rune.

Samstundes som Rune Hetland overlot generalsekretær-jobben til Tomas Bruvik, fekk han gullklokke for 25 års teneste i LLA. Nye-sjefen plukka rett klokkemerke til jubilanten…