avis illustrasjon

No er produksjonsstøtta fordelt for i år. Lokalavisene får litt meir alt i år

120 lokalaviser får 5,6 millionar kroner meir på deling i produksjonsstøtte no i 2019. – Det er hyggeleg at lokalavisene får litt meir i produksjonsstøtte alt i år, seier Rune Hetland, LLAs pressepolitiske rådgjevar. Sjekk fordelinga her:

– Det er først i 2020 at regjeringa har varsla eit større løft til lokalavisene, men vi er altså glade for at dei små lokalavisene alt i år får ein auke på nokre titusenkroner kvar. At lokalavisene er lova eit enda større løft neste år, er viktig og nødvendig for at også desse avisene skal lukkast med si digitale satsing, seier LLAs Rune Hetland (til venstre), her saman med LLAs nye generalsekretær Tomas Bruvik.

Sjølv om lokalavisene får noko meir også i inneverande år, er det Bergensavisen og Morgenbladet som får den prosentvis største auken. BA får rundt 35 millionar kroner og Morgenbladet ca 10 millonar. Klassekampen for mest støtte av alle, totalt får avisa 42 millionar kroner.

Totalt får rundt 150 aviser til saman 318 millionar kroner.

Medietilsynets Mari Velsand seier løftet til lokalavisene er i tråd med føringane frå mediestøttemeldinga.

Les heile saken og sjå oversikten på Medietilsynets nettsider.

Her kan du sjå vår tidlegare sak om forslag til statsbudsjett for neste år.