Stortinget har øyremerka 300 millionar kroner til mediebedrifter som har mista minst 15 prosent av dei totale inntektene sine etter at korona-epidemien slo inn over Norge. Medietilsynet tar seg av ordninga og dei melder i dag fredag at 167 mediebedrifter har søkt. Blant desse er nærare 80 aviser, og altså rundt 40 aviser tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA).
Til eigne nettsider seier Medietilsynets direktør Mari Velsand (bildet) at dei arbeider raskt med søknadene.
– Målet er å utbetale støtta i månadsskiftet august/september, seier Velsand.
Les meir om støtteordninga på Medietilsynet.no.