Millionar til innovasjon i lokalaviser

Medietilsynet har fordelt ti millionar kroner til innovasjon i media. Nesten alle midlane går til små, lokale medium eller til å utvikle lokalt innhald. Fleire av LLAs medlemsaviser får støtte.

Seks av LLAs medlemsaviser får direkte støtte til innovasjon. I tillegg får LLA støtte til å hjelpe lokalavisene.

– Støtteordninga gjer det lettare for små, lokale medium med avgrensa midlar til å digitalisere og drive innovasjon, seier Medietilsynets direktør Mari Velsand i ei pressemelding.

Mellom dei som får mest støtte er Fjuken, som får 748.000 kroner til å utvikle og gjere det meir hipt å bruke dialekt gjennom ei dialektteneste. Dette inneber først og fremst digitalisering av innhaldet i dialektverket «Målet i Lom og Skjåk».

– Det er viktig for oss å bidra til bevaring og bruk av talemålet vårt, seier redaktør Hans Erik Kjosbakken i Fjuken.

Målet er å gjere innhaldet i dialektboka meir spennande og tilgjengeleg. I prosessen håpar redaksjonen å utvikle reiskap som også andre kan dra nytte av i framtida. Les meir om prosjektet på Fjuken sine nettsider. 

Landslaget for lokalaviser får den største enkeltsummen, 1,1 millionar kroner. Pengane skal gå til eit digitalt kompetanseløft for lokalavisene. Prosjektet er allereie starta.

Andre LLA-aviser som får støtte er:

  • Vestavind Bygdeblad for Sveio får 65.270 kroner til dronejournalistikk.
  • Østhavet får 85.000 kroner til å etablere ny nettavis og digitalisere det gamle arkivet med tekst og bilete.
  • Dølen får 179.750 kroner til å skape engasjement og nye lesarar med levande bilete retta mot unge lesarar.
  • Folkebladet får 387.500 kroner til å løfte kulturjournalistikken ved å bruke nye journalistiske virkemiddel, som lyd og opplevingsjournalistikk.
  • Dag og Tid får 171.600 kroner til å utvikle lydavis, der abonnentane kan høyre utvalde saker frå avisa via ein app.