– Vi treng lokalavisene for at lokaldemokratiet skal fungere. Vi vil derfor omfordele støtte til små, lokale aviser, sa kulturministeren i dag.
Overfor 200 lokalavismedabeidarar frå store deler av Norge, understreka kulturministeren at regjeringa vil prioritera lokalavisene og gi dei eit betydelig løft i statsbudsjettet for 2020 og at dei deretter vil leggja føringar for vidare satsing på lokalavisene dei neste åra.
Dette har LLA kjempa for i mange år og vi er derfor svært nøgde med at LLA og lokalavisene har blitt høyrt i regjeringas mediemelding. Lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet. Med den varsla auken og priorteringa, kan desse avisene gjere ein enda betra jobb for og i lokalsamfunna landet rundt. Ei større prioritering av lokalavisene kan bidra til at enda fleire lokalaviser kan ta del i ei heilt nødvendig digital omstilling dei neste åra.
– Vi gler oss derfor stort over at LLA på mange måter no blir høyrt i morgondagens mediepolitikk, seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik og generalsekretær Rune Hetland.
– Vi har stor grunn til å vere glade og stolte for gjennomslaget som LLA og lokalavisene i dag har fått. Det vil kome lokaldemokratiet og innbyggjarane i Norge til gode, seier LLAs Tomas Bruvik og Rune Hetland.
For kommentarar og meir informasjon:
Tomas Bruvik, styreleiar i LLA, mobil 411 08 523, tomas()lla.no
Rune Hetland, generalsekretær i LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no
Begge er til stades på LLAs landsmøte på Scandic Ambassadeur Hotel i Drammen i heile helga.
Mediestøttemeldinga ligg på Kulturdepartmentets nettsider.