Frå galleriet på Stortinget var generalsekretær Tomas Bruvik (t.v.) og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) i går ettermiddag vitne til at pressestøtta for første gong på mange år auka då kultur- og familiekomiteens budsjettforslag blei vedtatt i Stortinget. Neste år er det satt av 415 millionar kroner til mediestøtte. Av dette er 358 millionar kroner direkte produksjonsstøtte.
Før Stortinget i går formelt vedtok løyvingane til kulturføremål på statsbudsjettet for 2020, hadde familie- og kulturkomiteen lagt fram si innstilling. Her peika regjeringspartia Høgre, Venstre, FrP og KrF sine komitemedlemmer på at «…det i kjølvannet av Mediestøttemeldinga, Meld. St. 17 (2018–2019), er lagt opp til at mediestøtten får en annen innretting fra 2020. Målet om å styrke lokalavisene støttes, da de er en bærebjelke i lokaldemokratiet og den offentlige samtalen. Samtidig er f l e r t a l l e t opptatt av at mediebransjen klarer å omstille seg i en stadig mer digitalisert hverdag, og er glade for at budsjettforslaget legger til rette for det.»
Fleirtalet i kulturkomiteen skriv også at den direkte mediestøttea utover pris- og lønnsveksten aukar med 30 millionar kroner, og at … «Dette vil bidra til å lette omstillingen for støttemottagere som blir berørt av den varslede omfordelingen av mediestøtten til fordel for små, lokale aviser».
Komiteens fleirtal skriv også at «…vi her i landet har et sterkt mediemangfold med uavhengige redaktørstyrte medier med gjennomgående høy kvalitet. F l e r t a l l e t konstaterer samtidig at det skjer betydelige endringer på eiersiden. Mediekonsernene har styrket sin eierposisjon vesentlig. F l e r t a l l e t ber Kulturdepartementet om å følge med på eiersiden i media, sett opp mot de mediepolitiske mål om mediemangfold.»
Samstundes skriv kulturkomiteens fleirtal at dei er opptatt av at … «mediebransjen klarer å omstille seg i en stadig mer digitalisert hverdag, og er glade for at budsjettforslaget legger til rette for det.»
(Artikkelen held fram under bildet)
Kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) understreka også i Stortingsdebatten tysdag (bildet) at regjeringa ville auke pressestøtta for å styrke lokalavisene.
LLAs Tomas Bruvik og Rune Hetland smilte då dei var på galleriet i Stortingssalen i dag. LLA har kjempa i mange år for at lokalavisene skal få eit større løft – og var naturleg nok godt nøgde med det dei høyrte:
– Vi er glade for gode ord om lokalavisene, det set vi pris på. At det no kjem friske midlar til lokalavisene set vi enno meir pris på. Vi meiner dette er svært riktig i den tida vi no er inne i, seier Tomas Bruvik og Rune Hetland.
Som tidlegare omtalt har LLA oppnådd også andre pressepolitiske sigrar og merkesteinar dei siste åra:
- Ekstra tilskot til lokalaviser med under 4000 i opplag.
- Portokompensasjon til lokalavisene.
- Momsfritak på redaksjonelt innhald uavhengig av plattform.
- Og no sist; I neste års statsbudsjett skal altså lokalavisene prioriterast.
Heile innstillinga frå familie-og kulturkomiteen finn du på Stortingets nettsider. Frå side 78 er kapittel 335 om medieformål.
Opptak frå debatten i Stortinget, finn du også på Stortingets heimesider.
På talarstolten: Kristin Ørmen Johnsen (H), leiar i kulturkomiteen.
Kulturminister Trine Skei Grande (V) poengterte frå talarstolen at støtta til lokalavisene aukar.
Statsråden i debatt med SPs Åslaug Sem-Jacobsen.