Mediestøttemeldinga i Stortinget i dag: Viktig med lokalaviser Norge rundt

I dag blei mediestøttemeldinga debattert i Stortinget. Politikarar frå alle leirar understreka viktigheten av å ha gode, livskraftige og redaktørstyrte lokalaviser.

Saksordførar for mediestøttemeldinga, Tage Pettersen i Høgre, var først på talarstolen  tysdag då familie- og kulturkomiteen la fram innstillinga si i Stortinget i dag (bildet). Pettersen understreka mellom anna at det er svært viktig å styrke lokalavisene.

– Vi må sikre god og relevant nyhetsdekning i heile landet. Fleirtalet er også tydeleg på lokalavisene si betydning for mediemangfaldet. Deler av den direkte produksjonsstøtta må dreies i retning dei lokale avisene, sa Tage Pettersen.

Etter kvart som også opposisjonspolitikarane gjekk på talarstolen i Stortinget, kom det enda fleire lovord om kor viktig det er å ha lokalaviser i heile landet.

Kulturminister Trine Skei Grande, Venstre, avrunda debatten i samme sporet (bildet):

– Vi ønskjer å prioritere lokalavisene i tida framover.

Før det hadde statsråden minna om at «når folk klikker seg inn på lokalavisa si, melder dei seg på i demokratiet. Då les kanskje folk om saker i kommunestyret som påvirker kvardagen deira.»

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) var på galleriet under heile debatten og kunne glede seg over det han såg og høyrte (bildet under).

– Dette har vore ein veldig god dag. Alle som har hatt ordet, uansett parti, er enige om at lokalavisene fortener eit løft. Det lover godt for for rammevilkåra til avisene våre i framtida, seier LLAs Rune Hetland.

– I dag er eg dessutan enda tryggare på at at dei lovande orda vil følgjast opp med pengar når statsbudsjettet kjem til hausten, seier LLAs generalsekretær.

Stortingets nettsider finn du opptak frå dagens debatt (ca klokka 11.39 i opptaket/debatten):

På Stortingets nettsider finn du også innstillinga frå familie- og kulturkomiteen.

På Kulturdepartementets nettsider kan du lese heile mediestøttemeldinga «Mangfald og armlengdes avstand – Mediepolitikk for ei ny tid».