trine-skei-grande

Mediemeldinga blir lagt fram på LLA og lokalavisenes landsmøte

Fredag opnar Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen. Over 200 medarbeidarar frå lokalaviser i store deler av Norge er venta til elvebyen. Etter opningsdebatten på LLAs landsmøte, legg kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) fram regjeringas mediestøttemelding.

– Vi er stolte over at kulturministeren legg fram mediemeldinga på LLAs landsmøte. Vi har venta i spenning i to år på denne meldinga som er svært viktig for framtida også til lokalavisene i Norge. Det er knalltøffe tider for mange av avisene. Dei står midt i ei digital omstilling og vi håpar sjølvsagt at kulturministeren har med seg gode nyhende til lokalavisene. At kulturminister Trine Skei Grande (bildet) vel å presentera mediemeldinga hos oss tek vi også som eit signal på at statsråden bryr seg om og har respekt for den jobben lokalavisene gjer. Det seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik.

Når lokalavisenes landsmøte er i gang i dag fredag, skal det handla om lokal identitet og lokalavisenes engasjement for å gjere nærmiljøet attraktivt for folk å bu og arbeide. Historien om elvebyen Drammen er eit inspirerande bakteppe for årets landsmøtetema. I løpet av helga skal avisene også vere med på ei rekke kurs og praktiske fagsesjonar. Lørdag kveld deles det ut fleire gjeve prisar, blant anna kårer LLA Årets lokalavis.

For kommentarar og meir informasjon:
Tomas Bruvik, styreleiar i LLA, mobil 411 08 523, tomas()lla.no
Rune Hetland, generalsekretær i LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no
Geir K. Hus, informasjonssjef i LLA, mobil 452 89 333, geir()lla.no

Praktisk informasjon:
LLAs landsmøte er på Scandic Ambassadeur Hotel, Strømsø Torg 7, Drammen. Togstasjonen er tre minuttars spasertur frå landsmøtehotellet. Det er bilparkering blant anna i hotellets garasje, innkjøring frå elvesida.

LLAs landsmøte opnar presis klokka 11.00. Etter opningsseansen og ein lunsjpause går kulturministeren på scenen klokka 12.40. Etter Trine Skei Grande sin tale, held LLA fram med sitt ordinære landsmøteprogram, medan kulturministeren skal vere tilgjengeleg for kommentarar og intervju. Sjå heile programmet her.

Kulturdepartementet sender her direkte frå framlegginga klokka 12.40.

LLAs generalsekretær Rune Hetland (t.v) og styreleiar Tomas Bruvik tar i mot kulturministeren og rundt 200 lokalavismedarbeidarar i Drammen fredag.