LLA er også nøgd med at innovasjonsstøtta blir ført vidare og at eigendelen no blir 25 prosent. Dette har LLA jobba med lenge, og vi er glade for at regjeringa har lytta til oss. Slik kan også dei minste lokalavisene få nytte av innovasjonsordninga.
Regjeringa har sett av totalt 400 millionar kroner i direkte produksjonsstøtte til avisene neste år. Innovasjonsstøtta blir på 21,5 millionar kroner. Samiske aviser får 40 millionar kroner. Støtta til etterutdanning er også føreslått inflasjonsjustert.
I tillegg set LLA pris på at regjeringa vil føra vidare støtta til avisdistribusjon i dei delene av Norge der det ikkje er kommersielle avisbudnett.
Styreleiar Øystein Øygarden i LLA kommenterer forslaget til statsbudsjett slik:
– Vi ser for oss eit krevjande år for lokalavisene, der prisvekst og renteauke gjer at folk får mindre å rutte med. Nedkjølinga av økonomien vil truleg også gjere kvardagen vanskelegare for mange lokale bedrifter, noko som kan føra til lågare annonseinntekter for lokalavisene. Alt dette kan bety at det kan bli vanskelegare å finansiere journalistikken.
– Vi må akseptera at det berre er ei inflasjonsjustering av pressestøtta, men vi vil jobba vidare med at lokalavisene får eit større og nødvendig løft i åra framover, seier Øystein Øygarden. LLAs styreleiar minner om at folk og bedrifter lever livet lokalt, og at det er kommunane rundt om i Norge som leverer dei aller fleste tenestene til folk. Derfor må lokalavisene ha økonomi til å drive god journalistikk, blant anna for å følgje lokaldemokratiet på vegner av innbyggarane.
Geir Wulff er redaktør i Ságat og nestleiar i avisseksjonen i Samisk forlegger og avisforening. Wulff kommenterer fjerninga av distribusjonsstøtta i Finnmark i ein leiarartikkel i dag:
– Begrunnelsen for å fjerne tilskuddet holder ikke faglig mål. Det er på det rene at avisdrift i Finnmark byr på helt spesielle utfordringer og kostnader på grunn av geografi, klima og spredt bosetting. Les heile Sagats leiarartikkel her.
For kommentarar og meir informasjon:
Øystein Øygarden, styreleiar i LLA og redaktør i Vest-Telemark blad,
mobil 958 93 437, oystein.oygarden@vtb.no
På regjeringas nettsider ligg Kulturdepartementets budsjettforslag.
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen presenterte regjeringas kulturbudsjett torsdag. LLA er nøgd med at innovasjonsstøtta blir ført vidare og at eigendelen no blir 25 prosent. Dette har LLA jobba med lenge, og vi er glade for at regjeringa har lytta til oss.