Bømlo-nytt får marknadsprisen for miljøengasjementet sitt, blant anna gjennom miljøavisa. Hordaland Folkeblad får LLAs marknadspris for å bidra til lokal handel.
Juryen skriv dette om Bømlo-nytt:
Bømlo-nytt skaper lokalt engasjement rundt ei global utfordring. Gjennom miljøavisa, og i ein miljøfilmkonkurranse, engasjerer lokalavisa ungdomen i nærmiljøet til å bry seg enda meir om klimautfordringane. Videosnuttane som ungdomane på Bømlo har lagt ut på si lokale nettavis, viser lokalt miljøengasjement i kvardagen til folk.
Juryen for LLAs marknadspriskonkurranse legg merke til at Bømlo-nytt har nøkterne ressursar og få tilsette. Likevel demonstrerer lokalavisa på ein flott måte at det går an å gjere mykje ut av lite. At Bømlo-nytt også drar inn hyggelege annonseinntekter på miljøvisa og miljøfilmkonkurransen, er lokalavisa vel unnt og gir ho venteleg økonomisk armslag til å framleis arbeide for eit levande lokalsamfunn. Bømlo-nytt fortener LLAs marknadspris for sitt miljøengasjement.
Juryen skriv dette om Hordaland Folkeblad:
Hordaland Folkeblad er ei tradisjonsrik lokalavis, med nøkterne ressursar og medarbeidarar, som til liks med alle andre lokalaviser må jobbe hardt for å få til noko. Juryen er imponert over alle marknadstiltaka Hordaland Folkeblad har bidratt med i lokalsamfunnet det siste og særs krevjande året. Mellom anna har lokalavisa dratt i gang spennande handle lokalt-aktivitetar og vore nyttig rådgjevar for lokale bedrifter. Avisa har jobba tett med næringslivet og organisasjonar og bidratt svært godt med idéskaping, rådgjeving og praktisk marknadsføring på ulike plattformer. At Hordaland Folkeblad både er strategiske og kreative, og bruker nye og gamle mediekanalar for å bidra til lokal handel, gjer at juryen med stor glede tildeler Hordaland Folkeblad LLAs marknadspris.
I tillegg til sjølve marknadsprisen, har juryen gitt heiderleg omtale til følgjande aviser: Kvinnheringen, Kyst og Fjord og Mediehuset Sunnhordland (to diplomar).
Her er alle diplomane med juryens omtaler: