Foto-heilside

Marked x 3

LLA har no oppdatert ei rekke eigenannonser om å bruka lokalavisene enda meir meir og enda oftare.

Kampanjen har våre tradisjonelle verdiar som utgangspunkt: Lokalavisene er ein del av det rotekte norske nære og kjære – som står støtt som fjell, sjølv i skiftande tider. Det har både lesarane og annonsørane godt av å bli minna om. Kampanjen oppfordrar dessutan lesarane og annonsørane til å bruka lokalavisa di enda meir, gjennom tips, abonnement, lesing og annonsering.

LLAs medlemsaviser kan fritt bruka eigenannonsene så ofte dei vil. Dei kan hentast ned frå markedsområdet her på nettsidene våre.

Vi minner også om eit par øvrige markedstiltak:

Markedsprishefte til inspirasjon

Til årets landsmøte laga vi eit hefte med innsendte bidrag til markedspris-konkurransen. Heftet er ei skattkiste med gode annonse- og abonnementstiltak i lokalavisene dei siste sju åra.

Alle LLA-aviser skal ha fått eitt eksemplar kvar.

Dersom nokon ikkje har fått markedsheftet, eller de ønskjer eit ekstra eksemplar til avisa, ettersender vi frå restlageret så lenge vi har. Send i så fall ein epost til geir()lla.no

Uansett vonar vi du blir inspirert av heftet. 

 

LLAs opplagssamling 2012

Klar for ein ekstra innsats rundt avisa sitt opplagsarbeid etter sommarferien? Lyst på nye idear og praktiske tiltak for å auka opplaget? Bli med om bord til LLAs opplagssamling 23. august. Sjekk kalenderen vår.