Når Landslaget for lokalaviser (LLA) inviterer avisene til å delta i årets aviskonkurransar, kjem tidlegare vinnarar med tydelege råd og hyggelege erfaringar til aviskollegaene i LLA-familien. Mona Grønningen (bildet) er redaktør i Kvinnheringen, som blei kåra til Årets lokalavis då LLA hadde landsmøte og prisfest i Drammen. Etter det satte koronaepidemien ein stoppar for nye prisutdelingar, men i desse dagar gjer juryane seg klare for nytt juryarbeid og snart ny prisfest. Grønningen og Kvinnheringen var nyleg også klare for å sende inn nye bidrag:
– Ved å delta i konkurransane må du driva litt sjølv-evaluering når ein går gjennom eige arbeid for å plukka ut kva avisa skal senda inn som bidrag. Slik får medarbeidarane motivasjon til å laga fleire gode saker, og ei viktig påminning om at vi klarer mykje bra dersom vi berre vil. Derfor oppmodar eg alle om å senda inn bidrag til konkurransane. Om ein ikkje er så heldig å vinna, får avisa kanskje likevel viktig tilbakemeldingar som er nyttige. Det er mange prisar vi har fått som vi aldri våga å håpa på ein gong, så «den som intet våger, intet vinner», seier Mona Grønningen.
I Drammen nådde altså Kvinnheringen heilt til topps. Dølen og Strandbuen fekk heiderlege omtalar. Årets lokalavisfoto gikk til Signe Fuglesteg Luksengard i Hallingdølen, Line Nagell Ylvisåker i Svalbardposten fekk LLAs journalistpris, Saltenposten vann markedsprisen og Gjesdalbuen vant prisen for årets digitale satsing. Enda fleire aviser fekk heiderlege omtalar i kvar klasse. Som vanleg blei det delt ut gjeve prisar både til små og store lokalaviser i LLA-familien.
Kvinnheringen har drøye 4300 i opplag. I tillegg til nettsatsinga si, kjem avisa ut på papir to gonger i veka.
Blir lagt merke til i lokalmiljøet
– Eg hugsar at det nærmast var euforisk å få prisen i Drammen, og tårene trilla på fleire av oss som var til stades. Prisen heng så høgt, og vi hadde ønskt oss den så lenge. Det var heilt magisk å endeleg få den! seier redaktøren.
– Etter at vi blei kåra til Årets lokalavis, og fekk eit par andre prisar, har vi heilt bevisst utnytta prisane til merkevarebygging. Vi fekk blant anna ordførar, den lokale næringslivsorganisasjonen og sentersjefen til å kommentera utdelingane. Det var stas å høyra alle lovorda, vi fekk mange gratulasjonar frå heile lokalsamfunnet. Vi har også hatt «Årets lokalavis» i logoen vår heilt sidan utdelinga, seier Mona Grønningen i Kvinnheringen.
Artikkelen held fram under bildet.
– Ja, det var stor stas på avishuset då vi fekk digitalprisen. For oss er faktisk digitalprisen den gjevaste og viktigaste, det er jo på dei digitale plattformene slaget står. Vi i Gjesdalbuen har ein liten redaksjon, vi må omstille oss, vi leiter stadig etter nye verktøy og måter å gjere ting på. Blant anna har vi fått god respons på direktesendingane våre. Når vi både gjer det godt, og får utmerkingar frå bransjen, legg lesarane og annonsørane merke til oss. Det er også motiverande for alle som arbeider i avisa, seier Hammer. Også Gjesdalbuens redaktør oppfordra avisene til å sende inn bidrag til LLAs lokalaviskonkurransar:
– Vi har vore med kvart år, og eg oppfordrar også alle andre avisene til å vere med. Det er av og til viktig å ta ein kikk i speilet for å sjå kva avisa har gjort det siste året. Når du plukkar fram bidrag til aviskonkurransane, får avisa samtidig evaluert seg sjølv. Det er svært nyttig, seier Eugen Hammer.
Siste frist for å bli med i LLAs aviskonkurransar i år var søndag 24. januar.