Mange lokalaviser har nokså stabile opplagstall, men den generelle opplagstrenden er tydeleg nok i den siste avisrapporten; opplaget peikar nedover. Den utviklinga ser også ut til å gjelda for lokalaviser som har halde på i mange år.
– Enkelte aviser sin framgong er likevel ei påminning om at små lokalaviser framleis kan gjera mykje for å styrka posisjonen sin, skriv Sigurd Høst i Avisåret.
Høst går grundig til verks i omtalen av avisrikets tilstand. Både antall aviser, opplag, utgjevarstader, nettpublisering og digital brukarbetaling er grundig omtalt. Rapporten byr også på ei spennande gjennomgang av ulike digitale strategiar og ikkje minst ei oppsummering av korleis det har gått med avisene si nettsatsing – så langt.
Professoren er også innom pressestøtta:
– Etter at lokalavisene som kjem ut få dagar i veka kom med i pressestøtteordninga, har desse klart seg godt. Avisene har vore gjennom ei imponerande redaksjonell utvikling.
– Utan støtte, eller med redusert støtte, ville vi hatt færre lokale fådagarsaviser enn i dag. Dei som er så små at dei får støtte, ville hatt dårlegare kvalitet, skriv Høst.
Avisåret er utgitt av Høgskulen i Volda og kan hentast på skulen sine nettsider. Anbefales!