Vegard Velle VaartOslo

Lokalavisene viktige for folk, avisopplaget aukar framleis

Lokalavisene er ei svært viktig informasjonskjelde for innbyggjarane også når korona-pandemien går mot slutten. Opplagstala går opp og folk les lokalavisa si både på nett og papir. Det viser ferske opplagstal frå LLA og MBL.

Avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar samla med 0,53 %. Over 60 prosent av LLA-avisenes opplag er komplett-abonnement. På den måten får lesarane tilgang til journalistikken og annonsene både på nett og papir. Nesten 30 % av abonnentane er heildigitale.

LLA-avisenes samla opplag er no 358.139. Det er LLAs generalsekretær Tomas Bruvik godt nøgd med:

– Gjennom pandemien trur og håper eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon og dei knyter folk saman. Lokalavisene er også ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier Tomas Bruvik (bildet over). Han gratulerer opplagsvinnarane – som blant anna er til inspirasjon for endå meir digital satsing blant lokalavisene.

VårtOslo er opplagsvinnaren blant LLAs medlemsaviser. Dette er ei reindyrka lokal nettavis for hovudstadens innbyggjarar. Avisa aukar med 530 abonnentar og har no eit netto opplag på 2263. Ansvarleg redaktør Vegard Velle (bildet under) kommenterer den flotte opplagsveksten slik:

– Folk her er like opptatt av å få med seg kva som skjer i nærmiljøet som folk andre stader i landet. Derfor abonnerer dei på VårtOslo.

Også Sandnesposten (+ 510), Dag og Tid (+ 451), Bladet Vesterålen (+ 297) og Vol.no (+ 287) er mellom avisene i LLA-familien som gjer det godt det siste halve året. Kulingen på Ørnes har også ein flott opplagsvekst, dei aukar opplaget med over 10 prosent og 206 nye abonnentar.

Redaktør Vegard Velle i VårtOslo: – Folk er opptatt av kva som skjer i nærmiljøet. Foto: Tomas Stasevicius.

For fleire kommentarar og informasjon:

Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, tomas@lla.no, mobil 411 08 523

Geir K. Hus, markeds- og informasjonssjef i LLA, geir@lla.no, mobil 452 89 333

Vegard Velle, ansvarleg redaktør i VårtOslo, redaktor@vartoslo.no, mobil 932 56 832

Her er exel-fil med opplagstall for LLA og MBLs aviser i 1. halvår 2021:
Opplag første halvår 2021 alle aviser