gryttenweb

Lokalavisene satsar på språket

I 2012 og 2013 satsar LLA særleg på språket: Gjennom mellom anna Litteratursymposiet i Odda, gjennomgangar av aviser og tilbakemeldingar på portrettintervju, kan lokalavisene få nye løft og meir inspirasjon til enda betre språk i spaltene.

LLA tilbyr ein tre retters à la carte-meny, der avisene kan velja ein eller fleire rettar: 

1: Skrivekurs med Frode Grytten, Litteratursymposiet i Odda:

 – Eg tenker at det er bra å snakke om reportasje, om språk, om subjektiv skriving om førstehandsskildring, om engasjement og om temperatur, seier Grytten om kurset han vil halde for lokalavisene onsdag 10. oktober. Påmeldingsfrist i desse dagar. Meir informasjon her: skrivekurs med Frode Grytten.

2: Gjennomgang av avisutgåver: LLAs frilansjournalist, kurshaldar og forfattar Gard Espeland gir konkret tilbakemelding på språket i ti avisutgåver, i form av notat og rapport på avisene, og oppfølging per epost. Særleg for aviser på nynorsk og aviser med blanda målformer – og på elementært nivå. 

3: Det gode portrettintervjuet: Journalist og rådgjevar Njord Svendsen hadde på siste landsmøte foredrag om skrivekunst. No kan alle som vil, både dei av dykk som var på kurset og andre, søka om få ein gjennomgang av portrettintervju som har stått på trykk i avisa di.

Vil du vera med å skrivekurset til Frode Grytten, må du bruka påmeldingslinken vår innan 10. september. Dersom du og avisa di vil ha ein gjennomgang av avisutgåver, og/eller utvalgte portrettintervju, sender du ein epost til lene()lla.no så snart som mogeleg, og seinast medan det framleis er september.

Alle som har lyst til å bruka eitt eller fleire av tilboda våre, høyrer frå oss i månadsskiftet september/oktober. Først då kan vi fastsetja prisen på tilboda, og avisa di vil då kunna stadfesta om de framleis vil nytta dykk av tilbodet. 

Vinjefondet støttar LLA si språksatsing.

Andre kurs og samlingar som avisene kan ha glede av i tida frametter:

Teknisk kurs: I samarbeid med IGM inviterer LLA til nyttig oppfriskning av utvalgte grafiske verktøy. Vi møtes i Oslo torsdag 1. november og held på til fredag 2. november. Sjekk meir om teknisk kurs her: LLAs tekniske samling 1. november.

LLAs landsmøte i Lofoten frå 25. april 2013: Vi har alt opna for påmelding, spesielt for at du og dine kollegar skal kunna sikra dykk plass på første etappe; Hurtigruten frå Bodø til Svolvær. Sjå her for meir informasjon og påmelding.

LLAs markedssamling, Losby Gods, 29. – 30. august 2013: Meir info seinare.