Vår felles reiselivsside (landet-rundt.no) er lansert og 27. mai starta vi med Dagens ferietips både på nettsida og den nye Facebook-sida Mitt ferietips landet rundt. Det var ordførar Linn Therese Erve i Sveio som fekk æren av å by på den aller første videoen med Dagens ferietips. Erve fortel blant anna om Ryvarden Kulturfyr (bildet). Helsinga til ordføraren finn du altså både på nettsida og Facebook-sida vår.
Avisene som er med i reiselivssamarbeidet kan også publisere videoar og anna innhald direkte i eigne nettaviser. Dei fleste avisene som er med i reiselivssamarbeidet, publiserer også reisetipsa i papirutgåvene sine. Alt under vignetten Mitt ferietips landet rundt.Bømlo-nytt var første avis som publiserte ferietips i papirutgåva si.
– Og så er vi spent på kva avisene frå Lom eller Nordhordland har å lokke med, seier Olsen til M24.
Meir lesestoff og fleire annonser
– I krevjande tider for mediebransjen er det både viktig og flott at lokalaviser går nye vegar og prøver ut nye former for samarbeid. Vi har skrudd saman den nye reiselivspakken for å gi folk godt lesestoff, men også for at lokalavisene skal kunne hente nye annonseinntekter frå lokale og regionale annonsørar, seier markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus i Landslaget for lokalaviser (bildet under). Reiselivssamarbeidet blir organisert gjennom Lokalavissamkjøringa.
Fordi innhaldet blir laga i samarbeid med reiselivsaktørar, kommunar og andre som er glade i distriktet sitt, er det innhaldsmarknadsføring vi syr sammen både på nett og i papirutgåvene våre. Der blir reiselivssidene merka med “annonsørinnhald”.
Den nye nettsida med dei første ferietipsa finn du her. Facebook-sida Mitt ferietips landet rundt finn du her.