LLAs landsmøte i Ålesund er avlyst. Har innført heimekontor for sine tilsette

Etter råd frå kommunelegen i Ålesund har styret i Landslaget for lokalaviser (LLA) tysdag ettermiddag bestemt at årets landsmøte er avlyst.

Frå og med onsdag 10. mars 2020 avlyser Ålesund kommune sjølv alle samlingar med over 100 personar. Dei innfører også reiseforbod for alle sine tilsette i samband med arbeid. I lys av dette rår kommunelegen også LLA til å avlyse sitt landsmøte.

På bakgrunn av dette finn ikkje LLAs styre og sekretariat det forsvarleg å gjennomføre landsmøtet i Ålesund.

– Ei risikovurdering rundt det helsemessige kjem sjølvsagt føre alt, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik.

– LLA har i det lengste håpa at landsmøtet skulle la seg gjennomføra, dette er jo årets høgdepunkt for svært mange av lokalavisene i Norge. Men med ei så tydeleg fagleg anbefaling frå helsestyresmaktene, både frå kommunelegen i Ålesund og i kveld også med nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet, seier det seg sjølv at vi no må avlyse årets landsmøte, seier Øygarden og Bruvik.

Det er viktig at alle som er påmeldt til landsmøtet, avklarer og nyttar seg av sine forsikringsordningar for reise og opphald til landsmøtet. Blant anna er det viktig at alle som har bestilt flybillettar, i det minste passer på å få refundert den delen av billettane som er statlege avgifter. Nokre vil ha mulighet for å få refundert heile billetten.

Så sant vi i LLA har oppfatta alt rett, praktiserer SAS og Norwegian dette på to forskjellige måtar. Hos SAS og Widerøe går det automatisk å få refundert avgiftene, du får etter eit par veker kvittering der det står kor mykje avgifter du får tilbake.
Hos Norwegian ser det ut til at du sjølv må be om å få refundert avgiftene. Via nettsidene deira må du sende inn krav om refusjon.
Alt dette med forbehold om vi har oppfatta rutinene rett, men uansett bør alle sjølv passe på å få tilbake det ein kan på sine respektive billettar – på den eine eller andre måten.

I og med at mange av kostnadene til landsmøtehotellet og leverandørar er kontraktsfesta, vil LLA få høge utgifter i samband med landsmøtet. Det er derfor viktig at alle betaler mottatte rekningar frå LLA på forfall. Når LLA etter kvart får kontroll på kostnadane, vil vi vurdere å tilbakeføre deler av beløpet. LLA vil sjølvsagt arbeide for å gjere den økonomiske belastningen så rimeleg som mulig.

Vi håper å få inn deler av landsmøteinnhaldet, mellom anna prisutdelingane, i LLAs årlege digitalkonferanse (Lokal & digital) tidleg i haust. Vi kjem tilbake med endeleg tid og stad.

I tillegg til at LLA hadde planlagt å ha offisiell opning av landsmøtet fredag, var organisasjonens formelle årsmøte lagt til torsdag ettermiddag. Også dette er avlyst inntil vidare, men styret i LLA vil i neste veke kome tilbake med praktisk informasjon om korleis det formelle årsmøtet i LLA skal avviklast. Det samme gjeld generalforsamlinga i Lokalavissamkjøringa.

Frå og med torsdag 12. mars har LLA innført heimekontor for sine tilsette. I tillegg er dei aller fleste reiser avlyst. Møter blir halde på nett. LLAs sekretariat er tilgjengeleg som vanleg på telefon og epost.

LLA anbefaler sine medlemsaviser å ikkje ha alle sine medarbeidarar samla på samme plass til samme tid.

LLA seier seg leie for situasjonen.

Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir om alt. Tusen takk for tålmodigheten.

– Med ei så tydeleg fagleg anbefaling frå helsestyresmaktene er det no rett å avlyse årets landsmøte, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v.) og generalsekretær Tomas Bruvik. (Arkivfoto)