LLAs landsmøte 2021 blir i Ålesund

LLA ønskjer velkommen til landsmøte 2021 på same tid og same stad som vi skulle ha vore samla i år – berre 12 månader etter skjema!

Rundt 220 avismedarbeidarar, leverandørar, gjester og foredragshaldarar såg i mars fram til å endeleg reise tilbake til Ålesund og Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte. Det var over 20 år sidan sist lokalavisene hadde sitt årlege samlingspunkt i Jugendbyen på Nordvestlandet. Slik skulle det som kjent ikkje gå.

No har LLAs styre slutta seg til eit godt plaster på såret: Landsmøtet 2021 blir lagt til same by, same hotel og same langhelg. Lokalavisene møtest altså på Hotel Scandic Parken i Ålesund frå fredag 12. mars 2021.

Store deler av årets planlagte faglege og kulturelle program blir lagt inn i neste års program, men med justeringar slik at også landsmøtet 2021 blir aktuelt og speglar det som då er mest aktuelt i mediebransjen.

– I dei krevjande tidene vi no står midt oppi, kan det vere godt å ha noko kjekt å sjå fram til, sjølv om det er eit heilt år til. Det seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.

Bruvik seier også at LLA er i konstruktiv dialog både med hotellet, leverandørar og andre samarbeidspartnarar om det økonomiske oppgjeret for årets avlyste landsmøte. LLAs styre og sekretariat kjem attende til medlemsavisene seinast ei vekes tid etter påske med ei konkret løysing for alle som hadde meldt seg på, og betalt, årets arrangement.

LLA kjem også snart tilbake med informasjon om korleis årets formelle årsmøte og val av styre skal gjennomførast. Sannsynlegvis blir dette arrangert som videokonferanse i april.

I april avgjer også styret og sekretariatet når og korleis vi skal gjennomføre årets avisprisar, blant anna kåringa av Årets lokalavis.

– Alt i alt skal vi kome ut av dette på fornuftig vis, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.