Øystein Øygarden (bildet) har vore konstituert som styreleiar i LLA sidan august i fjor. No er han samrøystes vald på LLAs formelle årsmøte, som vart halde på nett i går ettermiddag. Med seg i styret har Øygarden fått fire nye ansikt. LLAs styre ser no slik ut:
Øystein Øygarden, Vest Telemark Blad, styreleiar
Tone Sidsel Sanden, Dølen, nestleiar
Camilla Skaar, Hordaland Folkeblad, nestleiar
Knut Martinsen, Avisa Hemnes
Erling Waage, Fjordenes Tidende
Holger Austvoll, Strandbuen
Trude Hiller, Steinkjer-avisa (ny)
Vararepresentantar:
Lillian Holden, Hallingdølen (ny, fast møtande vara)
Reidar Hystad, Sunnhordland (ny)
Christoffer Johansen, Vennesla Tidende (ny).
– Eg brenn for lokalavisene og er takksam for tilliten. Saman med styret og sekretariatet vil eg jobbe hardt for at rammevilkåra til lokalavisene framleis skal bli betre. Lokalavisene er grunnfjellet i lokaldemokratiet og er stolt av den jobben lokalavismedarbeidarar i heile Noreg legg ned, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden.
– Kva er LLAs viktigaste jobb no?
– Vi må halde fram arbeidet med å sikre lokalavisene gode rammevilkår. 2019 var eit merkeår. I tillegg til gode ord, fylgde det også eit økonomisk heilt nødvendig løft for lokalavisene rundt om i heile landet. Men løftet kan berre vera ein start.
– For LLA er det viktig å hjelpe, spesielt dei små utanfor konsern, med digitaliseringa. I desse tider er eit digitalt tilbod til lesarane og annonsørane viktigare enn nokon gong. Det er også viktig å vera ein god rådgjevar for medlemsavisene, både på marknad og redaksjon, seier Øygarden. LLAs styreleiar har eit sterkt forhold til lokalavisa si – Vest-Telemark blad. Øygarden har vore ein trufast lesar sidan før skulealder og har hatt avisa som arbeidsplass sidan 2003.
På LLAs årsmøte vart årsmelding, rekneskap, strategi- og handlingsplan, fastsetjing av medlemspengar og styret godkjent og vald samrøystes. Alle årsmøtedokumenta finn du her.
For eventuelle kommentarar: Øystein Øygarden, mobil 958 93 437.