postkasse

LLA vil sikre lørdagsomdelinga av aviser

«- Lørdagsomdeling er viktig for avisene. Vi vil derfor kjempe for at det skal vera postdistribusjon på lørdager også i framtida, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

RuneHetlandLLAweb

Det er ikkje berre statsbudsjettet det handlar om i desse dagar: LLA har saman med MBL også hatt møte med politisk leiing i samferdselsdepartementet og representantar for samferdselskomiteen i Stortinget – om postomberinga.

I møte i Stortinget var også redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark-Blad med. Det er ei av lokalavisene som har lørdagsutgåve og som er heilt avhengig av Posten til omdeling.

– Det er svært nyttig å ha med aviser som kan fortelja direkte til politikarane om konsekvensar ved politikken. Øystein fekk fram kor viktig avisdag lørdag er både for Vest-Telemark Blad og andre aviser. Det er nettopp inn mot helg fleire og fleire nå satsar ekstra på papirutgåver, medan det kan bli meir digitalisering i første del av veka.  Dette er ikkje tida for å gjere rammevilkåra vanskelegare i bransjen, seier Rune Hetland (bildet).

I høyringsnotatet om ny postregulering har samferdselsdepartementet foreslått at postomdeling på lørdagar ikkje lenger skal vere leveringspliktig teneste. Dei skisserer to alternativ; det eine der all lørdagsomdeling utgår og det andre der Posten berre distribuerer aviser og ikkje annan post om lørdager.

Av høyringsnotatet går det fram at lørdagsomdeling av aviser er rekna til 50-120 mill. kroner. Full postomdeling lørdagar er kostnadsrekna til om lag 400 mill. kroner.

– Det er lovande at både departementet og stortingsrepresentantar tydeleg viser at dei ønskjer dialog, og er positive til å finne ei løysing for avisene. Men det er langt fram både når det gjeld prinsipp og praktisk gjennomføring, så det blir sikkert nokre kampar før saka blir avgjort i Stortinget, truleg før sommaren 2015, seier Hetland.

Her kan du lesa høyringsnotatet til samferdselsdepartementet.

Og her kan du lesa om høyringa i kulturkomiteen på Stortinget torsdag – om statsbudsjettet.