LLA_lokalaviser_ill

LLA venter framleis på nødvendig løft til lokalavisene

Avisene får same produksjonstilskot som i år. Justert for prisstigning betyr det kutt for sjette år på rad. Samtidig vil regjeringa gi litt meir i innovasjonsstøtte til mediebransjen og føre vidare kursstøtta til lokalavisene. Det kjem fram i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019.

I forslaget til neste års statsbudsjett understrekar kulturminister Trine Skei Grande (V) at «små, lokale medium er ei berebjelke for mediemangfaldet, og er særs viktige for lokalsamfunna rundt om i heile landet».

Landslaget for lokalaviser (LLA) set pris på gode ord og auke i tilskotet til innovasjon og utvikling, men saknar at regjeringa følgjer opp Mediemangfoldsutvalet sine forslag.

– Lokalavisene har svært små marginar. Dersom avisene våre framleis skal levere god og truverdig journalistikk, treng vi no eit etterlengta løft i produksjonstilskotet, seier LLAs generalsekretær Rune Hetland. Han er skuffa over at regjeringa ikkje følgjer meir opp dei gode orda og intensjonane. Samtidig set LLA si lit til at Stortingets behandling av statsbudsjettet og etter kvart mediemeldinga, gir lokalavisene det løftet dei sårt treng.

LLA er også opptatt av at Posten tar ansvar for å levere post og aviser til distrikts-Norge. Som det kom fram gjennom ferske opplagstall for to veker sidan, går papir- og nettilbodet til lokalavisene hand i hand. Om lag 2/3 av LLA-avisenes opplag er no komplettabonnement der lesarane får det journalistiske innhaldet både på nett og papir.

– Lokalavisene satsar digitalt, men det er uansett papirutgåvene som framleis er fundamentet for avisene sine brukar- og annonseinntekter. Det er derfor heilt avgjerande at Posten distribuerer aviser til folk i distrikts-Norge, seier LLAs generalsekretær Rune Hetland (bildet under). Vi gler oss derfor over at det i statsbudsjett ser ut til at regjeringa vil arbeide litt meir og betre med å sikre gjennomarbeida og varige løysingar i postsektoren.

For meir informasjon:
Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, mobil 452 89 444, rune()lla.no

LLAs pressemelding i pdf-format kan lastes ned her:

LLA pressemeld statsbudsj for 2018

Her finn du meir om forslag til neste års statsbudsjett, blant anna Medier24.no sitt intervju med kulturministeren.

Medier24.no

Journalisten.no