Styre-Krakow-jan-2014

LLA uroa over kuttforslag

Landslaget for lokalaviser ser alvorleg på forslaget om å kutta produksjonstilskotet til avisene med 4000 – 6000 i opplag. Det vil svekka journalistikken og redusera evna til digital omstilling.

Den nye regjeringa føreslo rett før jul at rundt 30 av landets lokalaviser bør klara seg utan produksjonstilskot. Det reagerer blant anna LLA og avisene sjølve sterkt på. Forslaget er noko av det mest drastiske vi har sett sidan pressestøtta vart innført – og kjem på eit tidspunkt der avisene slit med å oppretthalda inntektene og skal satsa digitalt. Det er uansett kjent at lokalavisene har små marginar og er økonomisk sårbare. LLA undrar seg også over at forslaget kjem brått på, og lenge etter at budsjett og planar er lagt for det nye året. 

I lys av dette har Landslaget for lokalaviser no overlevert ein høyringsuttale til Kulturdepartementet. Det har også andre organisasjonar gjort. 

Last ned LLAs høyringsuttale her (pdf-format):

LLAs hoyringsuttale jan 2014

 Øvrige uttaler som så langt er lasta opp på Kulturdepartementet sine nettsider.

Styre-Krakow-jan-2014

Styret i LLA handsama høyringsutalen i forrige møte. Rundt bordet frå venstre: Edd Meby i Våganavisa, Roar Vigeland Osmundsen i Søgne og Songdalen Budstikke (nestleiar), Asta Brimi i Fjuken, Janne Hopmo i Frostingen (vara), Gry Thorsteinsen i Nye Troms, Rune Hetland i LLA (generalsekretær), Ståle Melhus i Fanaposten (styreleiar), Tomas Bruvik i Kvinnheringen (vara), Lars Kristian Seierstad i Stangeavisa (vara), Kjell Vidar Bergo i Hallingdølen og Hilde Eika Nesje i Bø Blad.