venstre Landslaget CMYK grŒ

Stillingsannonse: LLA søkjer ny generalsekretær

Landslaget for lokalaviser (LLA) har ledig stilling som generalsekretær. Dagens generalsekretær skal inn i annan jobb i organisasjonen, og vi søker hans etterfølgjar.

Ein av dei aller viktigaste jobbane i Medie-Norge er ledig. Som generalsekretær i LLA får du ei særs interessant oppgåve i å vera med å påverka lokalavisene si framtid, og arbeida for at deira rammevilkår skal vera best mogleg.

Vi søkjer ein person som brenn for lokalavisene og for lokaldemokratiet.

Personen må ha eit glødande engasjement, og opptre samlande.

I ei tid med store endringar i bransjen, er det avgjerande at vedkommande kjenner dagens utfordringar i mediekvardagen og har digital kompetanse. Mange lokalaviser står midt i ei digital omstilling, og generalsekretæren får ein viktig jobb med å ta organisasjonen inn i ei ny tid, både for lokalavisene og internt i organisasjonen.

Vi kan by på varierte arbeidsoppgåver der du verkeleg har sjansen til å gjera ein jobb for alle dei viktige lokalavisene i landet. Arbeid ut over normal arbeidstid må reknast med.

Generalsekretæren har ansvar for den daglege drifta av organisasjonen.

Viktige oppgåver er:

Sørgja for god kontakt med myndigheiter i saker som opptar lokalavisene.

Ansvar for kursverksemd og landsmøte.

Sørge for, og utarbeide søknader til ulike prosjekt.

Rådgjevar for medlemsavisene.

Vera synleg i den norske mediedebatten og fremje lokalavisene sitt syn.

Bistå lokalavisene i å modernisere seg.

Kvalifikasjonar:

Gjerne erfaring frå arbeid i lokalavis.

Leiarerfaring

Kunnskap om medium og politisk påverkingsarbeid.

Kjennskap til digitale medium.

Personlege eigenskapar:

God til å knyta kontaktar, byggja nettverk og ha evne til å inspirera og engasjera medarbeidarar.

Vera samlande i ein organisasjon med ulike meiningar.

Søkjarlista vert gjort offentleg. I tilsettingsprosessen vil det bli nytta ekstern kompetanse.

Løn og tiltreding etter avtale. Søknadsfrist 1. september 2019. Søknad vert å senda til konstituert styreleiar Øystein Øygarden (oystein.oygarden@vtb.no)

Har du spørsmål om stillinga, kontakt: Rune Hetland, generalsekretær, telefon 452 89 444.

LLA er interesseorganisasjon for norske lokalaviser. Organisasjonen har 112 medlemsaviser og tre tilsette i administrasjonen. Føremålet til LLA er å arbeide for lokalavisene sitt beste, og vere støttespelar på alle område. LLA har hatt ei sentral rolle i norsk pressepolitikk gjennom mange år. Meir om LLA her.