Neste haust vil regjeringa legge fram ei Stortingsmelding med forslag til nye styringssignal for mediestøtta. På vegen hit har Medietilsynet laga ei utgreiing om dei direkte mediestøtteordningane. Medietilsynets direktør Mari Velsand overleverte utgreiinga til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i dag.
Rapporten er på nesten 300 sider og er ein grundig gjennomgang av blant anna produksjonstilskotet til mediene, innovasjonsstøtta og vurdering av tiltak som kan stimulere unge sin nyhendebruk.
På nyåret vil Landslaget for lokalaviser (LLA) gi sine eigne kommentarar og råd til Kulturdepartementet, men førsteinntrykket av Medietilsynets rapport er positivt. Utgreiinga er grundig, og mykje av det som fungerer i dag, er føreslått ført vidare, blant anna minstekravet på 700 abonnentar for at lokale medier skal kunne få produksjonsstøtte.
LLAs generalsekretær Tomas Bruvik var blant dei som deltok i ein debatt om rapporten (bildet over), då den blei lagt fram på Kulturhuset i Oslo onsdag. I samtalen deltok også Morgenbladets Ane Farsethås og MBLs Randi Øgrey.
Bruviks inntrykk av Medietilsynets anbefalingar er positive, men han ville med ein gong gjerne rive ut side 98 i den trykte utgåva av rapporten. Her foreslår Medietilsynet at lokalavisene må ha minst tre redaksjonelle årsverk for å få pressestøtte, rett nok med unntak for små medier i utkantkommunar.
– Mange av våre lokalaviser ville i si tid aldri ha klart å etablere seg dersom dette kravet hadde eksistert. Så igjen; riv ut denne sida i rapporten, så kan vi heller diskutere resten av alle dei konstruktive forslaga til Medietilsynet, sa Bruvik i debatten.
I tillegg ønskjer LLA at lokalaviser med eit opplag mellom 6.000 og 10.000 også skal kunne få produksjonsstøtte.
Heile rapporten er tilgjengeleg her på Medietilsynets nettsider.
– Vi må ha gode og fremtidsretta mediepolitiske tiltak, som understøtter dei redaktørstyrte mediene sine demokratiske funksjonar, og gir gode rammevilkår for nyhetsjournalistikken både nasjonalt og lokalt, sa Medietilsynets direktør Mari Velsand då ho la fram anbefalingane om mediestøtteordningane.


