For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.
For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.

LLA ønskjer 150 millionar kroner ekstra til lokalavisene

Landslaget for lokalaviser (LLA) ber om at aviser med opplag under 15.000 får eit ekstra tilskot på 150 millionar kroner.

– Til liks med stort sett alle bransjar, opplever også lokalavisene krisetider. Annonseinntektene forsvann nesten over natta, og i heile Norge slit no avisene med å halda hjula i gang. Dette gjeld både aviser med og utan pressestøtte. Vi ber derfor regjeringa om eit ekstra tilskot til lokalavisene. Samstundes ønskjer vi at staten og kommunane kjøper annonser i alle redaktørstyrte medium for til saman 200 millionar kroner. Med ein slik krisepakke kan staten bidra til at vi har aviser også til hausten, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik.

Øygarden og Bruvik meiner, som resten av mediebransjen, at ein krisepakke til norske medium er heilt naudsynt for å sikre at folk får god journalistikk både i dag og dei neste månadane.

– Slik vil staten fortsatt bidra til ytringsfridom og interesse for lokaldemokratiet, seier LLAs styreleiar og generalsekretær. Dei strekar under at mediebransjen stort sett er samde om verkemidla som må til, men i tillegg til dei krav som er komen tidlegare, har LLA spelt inn følgjande konkrete tiltak som må på plass snarast for å hindre alvorlege økonomiske problem blant mediebedriftene:

Staten må gi eit ekstra tilskot på 150 millionar fordelt flatt til alle aviser med opplag under 15.000. Vanlegvis er det berre lokalaviser med opplag under 6.000 som får produksjonsstøtte, men i desse krevjande tidene treng også dei litt større lokalavisene økonomisk støtte.

Staten må kjøpe offentleg informasjon/annonser i alle redaktørstyrte medium, fordelt på 100 millionar i statleg informasjon og 100 millionar i kjøp frå kommunane.

Utover dette er LLA glade for at Kulturdepartementet og Medietilsynet utbetaler opprinneleg produksjonstilskot tidlegare enn vanleg. Dette er eit godt bidrag for dei minste avisene som slit med likviditeten allereie i mars og april.

– Vi i Landslaget for lokalaviser er elles samde med resten av mediebransjen i at det må koma mellombels fritak i arbeidsgjevaravgift i alle norske medium for å halde journalistar i arbeid. Vi er også samde med Mediebedriftenes Landsforening i at det må koma ein kompensasjon for svikt i annonseinntekter som gjeld alle medium i landet.

For meir informasjon og kommentarar:

Øystein Øygarden, styreleiar i LLA, mobil 958 93 437, oystein.oygarden@vtb.no

Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, mobil 411 08 523, tomas@lla.no

– Til liks med stort sett alle bransjar, opplever også lokalavisene krisetider. Vi ber derfor regjeringa om eit ekstra tilskot til lokalavisene, pluss kjøp av statlege og kommunale annonser, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v.) og generalsekretær Tomas Bruvik. (Arkivfoto).