Hotel og elv dagtid bredde

LLA og lokalavisenes landsmøte i Trondheim snart i gang

200 lokalavismedarbeidarar og bransjefolk er på veg til årets lokalavistreff.

Trykk her for å komme rett til konferansesidene med program

For veldig mange står dagens Trondheim fram som teknologihovudstaden i Norge. Når 200 avismedarbeidarar og bransjefolk har inntatt byen fredag, er det nettopp teknologi og digitalisering i mediebransjen som pregar LLA og lokalavisenes landsmøte.

– Mange kjem eins ærend til LLAs landsmøte fordi det er blitt årets møteplass der lokalavisene hentar idear og inspirasjon gjennom samvær med kollegaer frå heile Norge. I tillegg byr vi på spennande foredrag og praktiske kurs, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik (bildet).

Offisiell landsmøteopning er fredag 28. mars klokka 11.30 – på Radisson Blu Royal Garden Hotel. Då er det fellesprogram, blant anna med videohelsing frå kulturminister Lubna Jaffery – og teknologiforedrag av Arnt Christian Wolden i Adresseavisen og Hilde Anette Ebbesvik i RA.

Under landsmøteopninga blir det også litt om Samarbeidsdesken til LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk.

Deretter er det parallelle fagsesjonar både med redaksjonelt- og markedspreg resten av dagen.

Frå lørdag morgon blir det blant anna ein del om å dekke vanskelege saker i lokalsamfunnet – og om lokalavisenes jobb med å nå ut til unge lesarar.

Som vanleg blir LLA og lokalavisenes landsmøte avrunda lørdag kveld med festmiddag, gjeve prisutdelingar, blant anna kåres Årets lokalavis. Skodespelar og musikar Øyvind Brandtzæg skal lede lørdagskvelden. Til slutt: Konsert med eitt av Norges beste cover-band; Melody Market!

– LLAs styre og sekretariat gler seg til å helse lokalavisene og bransjekollegaer velkommen til landsmøtet 2025. Teknologimiljøet i historiske og vakre Trondheim blir ei fin ramme rundt det som er årets høgdepunkt for mange avisfolk, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik

Meir info og program her på LLAs konferansesider.

Skodespelar og musikar Øyvind Brandtzæg skal lede lørdagskvelden. Foto: Eivind Stuevold, NRK

Årets landsmøtehotel: Radisson Blu Royal Garden.