Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen deltar gjennom videoinnslag under opninga. Deretter er det debatt om korleis folks samfunnsengasjement kan foregå i lokalavisene, i ei tid der sosiale medier stadig tar meir plass. LLA er opptatt av at lokalavisene fortsatt skal vere naturleg møteplass og debattarena for innbyggjarane, og slik bidra til eit sterkt lokaldemokrati.
Før landsmøtet er det gjennomført ei innhaldsanalyse og ei spørjeundersøking om debattstoff i lokalavisene. Analysen samsvarer med det som lokalavisenes eigne redaktørar uttrykker i LLAs ferske medlemsundersøking: Mykje av debatten har flytta seg frå redaktørstyrte norske medier til Facebook og andre sosiale plattformer. På LLAs landsmøte skal vi blant anna diskutere korleis vi kan ha debattstoffet i lokalavisa og kva prioriteringar som må gjerast for å få til fleire meiningsytringar.
– Denne landsmøtedebatten blir starten på LLAs arbeid med å få meir engasjement i lokalavisenes papir- og nettutgåver, seier LLAs styreleiar Øystein Øygarden (bildet).
Lørdag skal landsmøtedeltakarane gjennom tidenes idéskaping – for å finne nye inntektsmuligheter, lage bedre journalistikk og skape større lesarengasjement. LLA og lokalavisenes landsmøte blir avrunda lørdag kveld med fleire prisutdelingar. Blant anna skal LLA kåra Årets lokalavis.
Landsmøtet finn stad på Hotel Scandic Parken, Storgata 16, i Ålesund.
Alt om LLAs landsmøte finn du her.
For meir informasjon:
Øystein Øygarden, styreleder i LLA, mobil 958 93 437, oystein.oygarden@vtb.no
Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, mobil 411 08 523, tomas@lla.no
Geir K. Hus, informasjonssjef i LLA, mobil 452 89 333, geir@lla.no