Forslaget frå regjeringa om å redusere Postens omdelingsfrekvensen til 2,5 dagar i veka frå år 2020 er svært alvorleg for mange lokalaviser. I praksis ser Posten for seg å dele ut brev og aviser på ulike dagar frå veke til veke; berre to gonger den eine veka, tre gonger i veka deretter. LLA meiner at konsekvensane av dette må utgreiast langt betre før også Stortinget bestemmer seg. Den siste tida har LLAs generalsekretær og tillitsvalde derfor nærast gått frå møte til møte for å informere politikarar og andre beslutningstakarar om det som kan bli dramatiske konsekvensar for mange lokalaviser. I praksis blir kostnader til distribusjon flytta over frå staten og Posten til mediebransjen – og spesielt vil avisene i distrikta blir ramma.
– Den nye omdelingsfrekvensen frå 2020 vil vere svært dramatisk for mange lokalaviser. For dei aller fleste lokalavisene er inntektene frå papirutgåvene framleis avgjerande for å kunne gi ut ei avis, for å kunne løne journalistar og ha pengar til digital utvikling. Det er rett og slett for tidleg å redusere Posten sin omdelingsfrekvens, seier Rune Hetland, generalsekretær i LLA, og Øystein Øygarden, nestleiar i LLAs styre. Øygarden er redaktør i Vest-Telemark blad og bidrar også i mange politiske møte med viktige erfaringar, kunnskap og refleksjonar om korleis det er å gi ut aviser i distrikts-Norge.
Det er ikkje meir enn to dagar sidan Øygarden og Hetland møtte Telemarksbenken på Stortinget. Der var også Geir Ravn Aasoldsen i Amedia Distribusjon med. Komande måndag skal LLA og MBL møte samferdsleminster Ketil Solvik-Olsen. Samferdsleministeren er Postens eigar og generalforsamling.
I postsaka arbeider LLA og MBL godt saman. Også dei andre presseorganisasjonane støttar opp. Tidlegare i veka deltok både LLA, MBL, Norsk Redaktørforening, Norsk Journalistlag, Norsk Presseforbund og Fagpressen på eit felles bransjemøte med kulturminister Trine Skei Grande. Avisdistribusjon og post var samtaleemne også her.
– Bransjeorganisasjonane står heldigvis side ved side i ei så alvorleg sak som dette, seier Rune Hetland. LLAs nestleiar og Vest-Telemark blads redaktør Øystein Øygarden er også glad for det. Alvoret i postsaka er tydeleg:
– For Vest Telemark blad vil redusert postfrekvens vere svært dramatisk. Vi har ikkje noko reelt alternativ til Posten i vårt dekningsområde. Om lag to av tre abonnentar vil ikkje få papiravisa si på utgjevingsdagen, seier Øygarden. Og understrekar:
– Papiravisa er framleis svært viktig. Det er inntektene frå papirutgåvene som finansierer journalistikken og den vidare digitale satsinga til lokalavisene.
Som ein del av arbeidet med å få vist fram lokalavisens vilkår, var LLA denne veka også hos Medietilsynet i Fredrikstad. Tilsynet vil i tida frametter ha enda tettare dialog med bransjeaktørane og andre samarbeidspartnarar – og LLAs generalsekretær Rune Hetland og markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus hadde gleden av å vere først ut i Medietilsynets rekke med kontaktmøte. Vi hadde konstruktive og nyttige samtalar med tre av dei fire nye sjefane i tilsynets nye leiargruppe; Mari Velsand (direktør for Medietilsynet), Hanne Nistad Sekkelsten (direktør for juridisk og regulatorisk avdeling) og Kristine Meek (direktør for kommunikasjon, rådgjeving og analyse).
– Vi i LLA er glade for at alle som arbeider med rammevilkåra til mediebransjen, vil vite meir om lokalavisenes kvardag og trongen for gode og stabile rammevilkår. Det er jo lokalavisene som er grunnfjellet i medielandskapet i Norge, seier Rune Hetland.