Landslaget for lokalaviser (LLA) og fleire andre presseorganisasjonar deltok i Familie- og kulturkomiteens høyring. LLAs Tone Sidsel Sanden og Tomas Bruvik fortalte komiteens representantar at innovasjonsstøtta er til stor hjelp i den digitale overgangen til lokalavisene. Samtidig oppfordra LLA Stortingsrepresentantane om å bidra til å få ned eigendelen til 25 prosent.
LLAs nestleiar Tone Sidsel Sanden, som også er redaktør i lokalavisa Dølen, sa at det har vore vesentleg for avisa å få innovasjonstøtte i den digitale omstillingsprosessen. Samstundes understreka Sanden at eigendelen er svært krevjande.
Dette blei gjentatt overfor kulturministeren nokre timar etter høyringa i Stortinget. Då møtte LLAs Tone Sidsel Sanden, Tomas Bruvik og Rune Hetland kulturminister Anette Trettebergstuen – saman med representantar frå Mediebedriftenes landsforening (bildet over). I kontaktmøtet mellom Kulturdepartementet, LLA og MBL understreka LLA at lokalavisene framleis er avhengige av gode rammevilkår – og at innovasjonsstøtta er til god hjelp for dei som treng den mest; dei små lokalavisene.
LLA sa også at vi er glade for at regjeringa alt i neste års statsbudsjett får på plass ei ekstra støtte på 8 millionar kroner til lokalavisene.
Overfor statsråden understreka LLA at det bør koma eit golv i produksjonsstøtta til lokalavisene, der desse avisene får minst éin million kroner i produksjonsstøtte.
Før samtalane med kulturminister Anette Trettebergstuen, sa LLAs representantar dette til kulturkomiteen i dag:
Tomas Bruvik:
«Takk for at vi fekk koma. LLA er interesseorganisasjonen for 115 norske lokalaviser, om lag 40 er tilknytt konsern og 75 er ikkje frå konsern. Dei aller minste avisene våre har mellom éin og tre redaksjonelt tilsette.
Vi er veldig glade for dei ekstra åtte millionane i produksjonsstøtte som er føreslege i statsbudsjettet for 2022.
Dei mindre lokalavisene står kanskje i den tøffaste kvardagen. Fordi papirinntektene er så høge, svært mange har framleis 80 prosent av inntektene sine gjennom papirutgåvene. Dei mindre avisene vil ikkje klare å ta desse inntektene med seg inn i den digitale verda. Samtidig så er abonnementsmarknaden fallande.
Vi er svært glade for innovasjonsstøtta, den er til hjelp i den digital overgangen, og støtta vart oppretta for å hjelpa nettopp små lokale medium. Her er det eit viktig poeng at det er ein eigendel på 50 prosent. Den er vanskeleg for lokalavisene, mange klarer ikkje reise kapital og kan dermed ikkje søkja. Vi ber audmjukt å få eigendelen redusert til 25 prosent. Det vil vera gratis på statsbudsjettet, og det er det ikkje så ofte at de opplever!
Vi i LLA er stolte over å ha vore med på det største journalistiske samarbeidsprosjektet i Europa, – Den store folkevandringa – saman med Senter for undersøkende journalistikk (Sujo) og NRK.»
Tone Sidsel Sanden:
«Dølen har kontor på Vinstra og dekker kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu, midt i Gudbrandsdalen. Vi er fire redaksjonelt ansatte og vi har éin i prosjektstilling som arbeider med video og streaming.
Å lage lokalavis handlar først og fremst om kvalitet og å laga journalistikk til det beste for lokalsamfunnet. Vi har vore gjennom ein stor omstillingsprosess dei siste åra. Frå å berre kome ut ein dag i veka på papir, til å levere journalistikk kvar einaste dag på nett.
I omstillingsprosessen har det vore vesentleg for oss å få innovasjonstøtte. Det har vi fått i tre omganger, til streaming og til undersøkande journalistikk. Eigendelen er svært krevjande å levera.
Når det gjeld samarbeidsprosjektet Den store folkevandringa, med Sujo og NRK, så var eg så heldig å få vera med både i planleggingsfasen og gjennomføringa av prosjektet. Dølen lagde meir enn 40 saker basert på dette samarbeidet.
Det har gjort oss betre og viktigare for lokalsamfunnet.
Nå får Sujo støtte til undersøkande journalistikk. Det er fantastisk bra. Håpet er at også LLA kan få ei form for støtte, som gjer at ein kan fortsette å satse på slike samarbeidsprosjekt.
Sluttresultatet frå Den store folkevandringa er at 68 lokalaviser lagde over 700 saker. Dette viser at slikt samarbeid styrker journalistikken.»
På Stortingets nettsider kan du følge, og sjå opptak, av høyringa.
Frå høyringa i Stortinget.