Ministermote1-nov-2013

LLA hos kulturministeren

I går var LLA og dei andre presseorganisasjonane hos kulturministeren for å snakka om avisene sine rammevilkår.

Ministermote1-nov-2013

Presseorganisasjonane møtte kulturministeren og hennar nære medarbeidarar. Foto:  Kathrine Geard, Journalisten.

– For oss i Landslaget for lokalaviser var det mellom anna greit å få minna om at lokalavisene er grunnfjellet i avis-Norge og at vi treng gode rammevilkår for å gjera ein god jobb også i framtida, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA etter møtet i Kulturdepartementet tysdag. Saman med presseforbundet, redaktørforeningen, MBL, journalistlaget og fagpressen fekk LLA leggja fram synspunkt om kva som må til for at avisene skal klara seg bra også i tida framover.

I samtalane var kulturminister Thorhild Widvey klare på at dei nokså raskt vil gå gjennom regjeringa sin pressepolitikk og virkemidler – mellom anna produksjonstilskotet og momsproblematikken. Widvey ser for seg lågmoms både på papiravisene og på digital publisering. På vegen vil Kulturdepartmentet ha ein god dialog med bransjen.

– Vi i LLA skal sjølvsagt vera like aktive som før for at lokalavisene skal ha så gode rammevilkår som mulig, seier Rune Hetland til LLA-weben.

Les meir om møtet på Journalisten si nettutgåve.