LLA lokalaviser

Stortinget opnar for betre løysing for avisdistribusjon!

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget kjem LLA og MBL i møte. Det skal vurderast om distribusjonen av avisene kan bli enda betre enn tidlegare framlagte forslag.

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) seier at han helst hadde sett at frekvensreduksjonen i postomberinga vart utsett, men er glad for at komiteen viser omtanke for avisene og opnar for å gjere foreslått kompensasjonsordning betre. LLA set spesielt pris på at fleirtalet framhevar lokalavisene og reknar med at forslaget frå komiteen får fleirtal i Stortinget tysdag 4. juni.

Hetland har god tru på at det er muleg å finne løysingar som kan gje fullgod avisdistribusjon fleire enn tre faste dagar i veka – som er i regjeringa sitt opphavlege forslag til ny postlov. Han peikar spesielt på potensialet som ligg i å samordne med Posten.

LLAs generalsekretær er også glad for at ein samla transportkomité har peika på avisenes viktige samfunnsrolle for demokrati, utveksling av det frie ord og det norske språket.

Fleirtalet i komiteen er regjeringspartia Høgre, Framskrittspartiet og Venstre. Kristeleg Folkeparti har ikkje representantar i transport- og komunikasjonskomiteen. Alle partia på Stortinget har vist stor omtanke for avisene.

Her er link til transport- og kommunikasjonskomiteen sine merknader og innstilling. Her framgår både fleirtalet og mindretallet sine merknader og forslag.

LLAs Rune Hetland (t.v) og Tomas Bruvik var nyleg i høyring i Stortinget – saman med Randi Øgrey og Bjørn Wisted i MBL og Kari Lisbeth Hermansen og Geir Wullf i Samisk Avisforening. No har transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget kome LLA og MBL i møte.