Kulturministeren opptatt av lokalavisene

– Eg legg fram stortingsmeldinga om ny mediepolitikk før jul. Det sa kulturminister Trine Skei Grande (bildet) då ho diskuterte morgondagens mediepolitikk i Arendal i dag. Statsråden var blant anna svært opptatt av å ha levedyktige lokalaviser i heile Norge – slik at lokalpolitikken blir dekka godt i alle landets kommunar.

Nytt alt i år, er muligheten for mediebransjen til å søke innovasjons- og utviklingstilskot. Fristen er 20. september og i Arendal var kulturministeren tydeleg på kven innovasjonspotten på rundt 7 millionar kroner er til for:

– Dei som verkeleg treng det nye innovasjons- og utviklingstilskotet er dei små og uavhengige lokalavisene, spesielt dei avisene som ikkje er i dei store mediekonserna. Eg håper verkeleg vi får eit inntrykk av dei små avisene sitt behov no i haust og at lokalavisene søkjer støtte, sa kulturministeren om bord i «Mediebåten».

Meir informasjon om den nye innovasjonsstøtta ligg på Medietilsynets nettsider.

Også Posten sine ønskje om å gå sjeldnare med post var tema i dag.

– Mitt hjarte banker ikkje for vinduskonvoluttar, men for lokalavisene. Vi må finne ei god løysing for avisene, sa kulturministeren.

LLAs generalsekretær Rune Hetland (bildet under) understreka at lokalavisene ikkje lever av vakre løfter og fine ord:

– Lokalavisene er viktigare enn nokon gong, mellom anna for å følgje dei politiske prosessane i Norge. 130 lokalaviser får 25 % av samla pressestøtte. Vi treng fleire ressursar no. Vil politikarane gjere noko fort, og bidra med noko som verkeleg monnar, spurte LLAs generalsekretær i debatten.

Berre kulturministeren fekk tid til å svare. Skei Grande kunne i det minste seie at ho hadde samme virkelighetsforståelse som LLA, og forsikra at lokalavisenes rammevilkår var noko ho også var opptatt av.

Begge bildene er skjermdump henta frå direkte-sendinga til medieorganisasjonane bak «Mediebåten».

Opptak av den pressepolitiske debatten kan du sjå i denne You Tube-fila.

For eventuelle kommentarar frå LLA om mediepolitikk og rammevilkår:
Rune Hetland, generalsekretær, mobil 452 89 444, rune()lla.no